Hjem
Geokjemi & Geobiologi

Analytiske fasilitetar

Gjennom «Bergen Geoanalytical Facility» har me moglegheit til å måla:

  • Hovud- og sporelement i løysing og faste material ved bruk av IC, ICP-OES, ICP-MS, laser ablasjon ICP-MS og XRF (ICP-lab)
  • Lette stabile isotopar (H, C, N, O, S) i faste material, gassar og væsker ved bruk av EA-IRMS og GC-IRMS (FARlab)
  • Radiogene (Sr, Nd, Hf, Pb) og tyngre stabile isotopar (Fe, Cu, Zn) ved bruk av multi-kollektor ICP-MS (ICP lab) og TIMS (TIMS lab)
  • Oppløyste uorganiske gassar (H2, CO2, CO) og organiske forbindelsar ved bruk av gass kromatografi (Biogeokjemi laboratorium)
  • Mikrobiell sulfatreduksjonsratar ved bruk av radioaktiv sulfat tracer (35S) (Isotop preparerings lab)

I tillegg har me laboratorium for preparering av prøvar tilgjengeleg, inkludert klasse 1000 (ISO 6) «clean lab», knuserom og tynnslipp lab.

Me har også tilgang til elektron mikroskopet til Matematisk og Naturvitskapeleg fakultet og sediment laboratoriet Earthlab med XRD og kjerneskannings utstyr.