Hjem
Frå handskriftsfragment til bokhistorie
News

Endeleg fulltallige

I haust har Fragmentprosjektet fått to nye medarbeidarar på plass: Astrid Marner (Post-doc) og Synnøve Myking (PhD). Saman med prosjektleiar Åslaug Ommundsen og den engelske skriftforskaren Michael Gullick, som blei tilsett i fjor, har dei dukka ned i handskriftsfragmenta for å auke kunnskapen om bokkulturen i mellomalderen.

All the members of the fragment project are now in place. From the left: Project manager and researcher Åslaug Ommundsen, post-doctoral fellow Astrid Marner, PhD candidate Synnøve Myking and researcher Michael Gullick.
Foto/ill.:
Gisela Attinger

Hovedinnhold

Marner har tatt vegen til Bergen frå Tyskland, med eit mellomopphald i København. Den faglege bakgrunnen hennar omfattar latin og norrønt, og ho har arbeidd både med litteratur og databasar. Marner studerer fragment med preikemateriale.

Myking er opprinneleg frå Lindås, men har utdanninga si frå Universitetet i Oslo. Med fransk, latin og eit ferskt diplomkurs i handskriftsstudium frå Roma, er ho klar til å studere norske fragment frå mellomalderbøker med fransk tilknyting.

Gullick blei for ti år sidan invitert til Noreg som ekspert på engelske handskrifter, og har sidan den tid også arbeidd med det skandinaviske fragmentmaterialet. Han er utøvande kalligraf, noko som er til stor nytte for ein skriftforskar.