Hjem
Frå handskriftsfragment til bokhistorie
News

Puslespelbiblioteket

Små, små bitar av gamle pergament skal til saman kunne gi eit bilete av kva som påverka Noreg i mellomalderen.

Ulike handskriftfragment
Tekstbitane er ikkje så store. Men ofte klarar forskarane å sjå kva bok fragmentet har kome frå – og då er ein ny puslebit på plass.
Foto/ill.:
Hilde Kristin Strand

Hovedinnhold

– Med betre kjennskap til bøkene som fanst her i Noreg i mellomalderen, kan me læra meir om utviklinga av bokkulturen her, og kva for delar av Europa som påverka oss mest, seier forskar og prosjektleiar Åslaug Ommundsen.

Samlar bitane

Av fleire tusen latinske handskrifter er berre 15 att. Men ein har fragment av langt fleire – i Noreg har ein 6500 bitar frå om lag tusen bøker.

I og med at størsteparten av dei norske bokfragmenta finst i Oslo, jobbar forskarane i Bergen til dagleg med kopiar og fotomateriale.

I ein perm er kopiar av gamle pergamentbitar sirleg putta inn i kvar si plastmappe. Dei små bitane, dei minste om lag så store som frimerke, kan seia noko om korleis mellomalderen var i Noreg. Kven var ein påverka av? Og kva internasjonale impulsar var viktige allereie frå 1100-talet?

 

Les heile saka i På Høyden:

Puslespelbiblioteket