Hjem

Forskargruppe for humanistisk klima- og miljøforsking

Hovedinnhold

PI

Rasmus T. Slaattelid, leiar

E-post: Rasmus.slaattelid@uib.no

Forskargruppa for humanistisk klima- og miljøforsking skal initiere, koordinere og utvikle integrerte tverrfaglege forskingsprosjekt og synleggjere humanioraforskinga sine aktuelle og potensielle bidrag på feltet.

HUMKLIM samarbeidar med NTNU, UiA, UiO og UiS om Norwegian Research School in Environmental Humanities (NoRS-EH), ein nasjonal forskarskule i miljøhumaniora. Forskarskulen er finansiert av Noregs forskingsråd, og har blitt oppretta som eit transdisiplinært initiativ for å styrke norsk humaniora sitt bidrag til miljøforsking og dei store globale utfordringane verda står ovanfor.

Forskargruppa for humanistisk klima- og miljøforsking (HUMKLIM) samlar klima- og miljørelatert humanistisk forsking ved UiB, og skal bidra til å styrke kontakt og samarbeid med relatert forsking på andre fakultet og einingar, ved og utanfor UiB.