Hjem
Intelligente informasjonssystemer (I2S)

Sosiale faktorar i programvareutvikling

Prosessar for programvareutvikling er i stor grad forma av dei teknologiane og verktøya som er tilgjengelege for utviklarane. Men like viktige er korleis arbeidet er organisert, og korleis utviklarane og andre interessentar påverkar kvarandre og samarbeider.

Prosjektet studerer korleis programvareutviklarar vert hjelpne eller hindra i arbeidet av faktorar knytt til sosiale tilhøve, inkludert organisasjon, samarbeid og kommunikasjon, kunnskap, motivasjon, medverknad og andre. Vi nyttar hovudsakleg kvalitative metodar i forskinga, men og kvantitative metodar og designforsking. Data blir ofte samla inn frå profesjonelle utviklingsorganisasjonar for å forstå desse fenomena.

Prosjektets fast tilsette medlemar er professor Bjørnar Tessem og førsteamanuensis Solveig Bjørnestad.