Hjem

Inflammasjon

 

Det tematiske program i inflammasjon/immunologi omfattar translasjonell forsking i vidt omfang innan akutt og kronisk inflammasjon, immunpatologi, autoimmunitet, mukosal immunbiologi og patogen-verts interaksjon ved infeksjonar.

Det blir vidare arbeidd med genetisk bakgrunn for immunmekanismer og immunsjukdomar og ekspresjonsanalysar både på RNA og proteinnivå. Meir spesifikt blir det fokusert på lymfoid vev og immunsjukdom i relasjon til slimhinner og tumorimmunologi. Det blir søkt etter betre diagnostikk ved hjelp av biomarkørar og former for å regulere, moderere og kontrollere immunresponsen (immunterapi og vaksinasjon). Miljøet har spisskompetanse innan autoimmunitet (spesielt Sjögrens syndrom og patogen-verts interaksjon ved revmatisk sjukdom) og dendrittiske celler. Eit langsiktig mål er å oppnå økt kompetanse for å forstå komplekse mekanismar ved immunsjukdom med hjelp av systembiologi.

Det blir brukt ei rekke immunologiske, immunpatologiske, cellebiologiske og molekylære teknikkar på kroppsvesker og vev og eksperimentelle in vitro system,

Aktiviteten er nært integrert med Bergen Research School in Inflammation (BRSI) - inflammasjon, mukosal immunbiologi og infeksjonssjukdomar - og overlappar/samarbeider i stor grad med Infeksjonsprogrammet.