Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Forskargruppe

Diskusjonsspørsmål i forskargruppa vår 2019

I vårsemesteret 2019 skal forskergruppa Kjønns- og seksualitetsforskningens grunnlagsproblemer diskutere fleire grunnleggjande spørsmål innan kjønns- og seksualitetsforskinga.

tegning
Foto/ill.:
UN

Hovedinnhold

Gruppeleiar Kari Jegerstedt fortel at i løpet av vårsemesteret er det to hovudtema som står på plakaten:

Globale samfunnsutfordringar

Det fyrste temaet er kva dei kjønna dimensjonane i vår tid sine store globale samfunnsutfordringar er. Desse utfordringane er humanitære, økologiske og økonomiske, dei er 'kriser' og består av omfattande migrasjon og teknoliogiske omveltningar som har vore avgjerdande for vår epoke. Korleis kan kjønns- og seksualitetsforsking bidra til å auke forståinga av desse såkalla krisene og dei store omveltningane? Er det slik at kjønns- og seksualitetsforskinga ikkje berre kan bidra med nye problemformuleringar og måtar å angripe desse endringane på, men også komme med alternative og nyskapandee løysingsforslag mot ei meir inkluderande framtid? 

Forståing av subjektet

Det andre temaet dreier seg meir om forståing av subjektet og kva historia kan lære oss. Kva forståing av det politiske, etiske og epistemiske subjektet vert artikulert i samanheng med 'kriser' og store samfunnsutfordringar? Kvar ligg potensiale for endring og nye framtider? Kva kan vi lære av tidlegare tiders feministiske og skeive kreativitet, kritikk og motstand?

Diskusjonane kring desse to tematikkane vil også danne grunnlag for dei paneldiskusjonane som medlemmer i forskargruppa skal halde under NORA-konferansen i Reykjavik i mai.