Hjem
Forskargruppe for europarett
Gjesteførelesing

Transfers of personal data outside of the EU/EEA: What impact has the Schrems II judgement had on international data transfers?

Den 8. mars 2023 held Ane Rode og Torodd Aastorp, som begge er advokatfullmektigar i advokatfirmaet Føyen, gjesteførelesing på kurset JUS294-2-A Privacy and data protection - GDPR.

Tastatur med tast kor det står "Data Protection". på tasten er ein hengelås.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

I utgangspunktet er overføring av personopplysingar til tredjeland forbode. Frå dette utgangspunktet er det imidlertid gjort nokre unntak. Eit slikt unntak er at overføring kan skje dersom handsamingsansvarleg eller datahandsamar overheld personvernforordninga sine reglar om overføring av personopplysingar til tredjeland. Forordninga fastset ulike overføringsmekanismar for overføring av personopplysingar frå eit EØS-land til eit tredjeland. I Schrems II-avgjerda frå 16. juli 2020, slo EU-domstolen fast at overføringsmekanismen "Privacy Shield" ikkje lenger er lovleg. Avgjerda har hatt stor betydning for internasjonale overføringar av personopplysingar. I gjesteførelesinga diskuterer Rode og Aastorp korleis avgjerda har påverka overføring av personopplysingar til tredjeland i tida etter juli 2020. Dei diskuterer også bruken av overføringsmekanismen "Standard Contractual Clauses". Tittelen på gjesteførelesinga er "Transfers of personal data outside of the EU/EEA: What impact has the Schrems II judgment had on international data transfers?".

Ane Rode er advokatfullmektig i advokatfirmaet Føyen. Der er ho tilknytt firmaet si avdeling for teknologi,- media- og telekommunikasjon. Ho bistår norske og internasjonale selskap med kontraktsrettsleg og regulatorisk rådgjeving i relasjon til teknologi og digitalisering, personvern og datatryggleik og marknadsføring. Ho er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Der skreiv ho masteravhandling om kven som er ansvarleg for personopplysingar i blokkjeder.

Torodd Aastorp er også advokatfullmektig i advokatfirmaet Føyen. Han er også tilknytt firmaet si avdeling for teknologi,- media- og telekommunikasjon. Han arbeidar hovudsakleg med rettsspørsmål knytt til personvern og informasjonsteknologi - som til dømes IT-kontraktar og IT-relaterte anskaffelsar. Han arbeidar også med IPR. Aastorp er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Der skreiv han masteravhandling om ei risikobasert tilnærming til krava ved overføringar av personopplysingar til statar utanfor EU og EØS, i lys av Schrems II-dommen.

Studentar på kurset, og alle andre med interesse for personvern, er hjarteleg velkomne til å delta på gjesteførelesinga. Følg lenka til høgre for å melde deg på. Etter påmelding vil du motta ein e-post med informasjon om deltaking. Påmeldingslenka du mottek er personleg og vil ikkje fungere dersom den delast med andre personar.