Hjem
Forskargruppe for europarett
Gjesteførelesing

Gjesteførelesing om EU/EØS-reglar om statsstøtte med ESAs seniorjurist Militsa Kostova

Den 21. mars 2023 kl. 14:15-16:00 held Militsa Kostova gjesteførelesing på kurset JUS291-2-A EU and EEA State Aid.

Bilete av ein stabel med pengar og ein dommarhammar med eit EU-flagg som bakgrunn
Foto/ill.:
Marian Vejcik, Colourbox.com

Hovedinnhold

Sentrale spørsmål i gjesteførelesinga er kva som er prosessen når norske myndigheiter må notifisere statsstøtte til ESA, kva som skjer når ESA får ei klage og korleis ESA eigentleg jobbar med desse sakane.

Militsa er utdanna ved Universitetet i Oslo og er seniorjurist i ESA si avdeling for konkurranserett og statsstøtte. Ho har tidlegare jobba med statsstøtte i seksjon for offentleg støtte i Nærings- og fiskeridepartementet. Militsa har erfaring med dei fleste område innan statsstøtte, og har jobba med sakar som rederiskatteordninga, TV2, IPCEI, sukkerskatt og klagane mot Posten og Vy. Ho har også ein LLM i konkurranserett og økonomi frå Brussels School of Competition.

Vel møtt til gjesteførelesing!