Hjem
Forskergruppen for EU/EØS konkurranse- og markedsrett
Nyhet

Ny artikkel av Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund

I artikkelen skriv Ingrid om høvet mellom nasjonal og EØS-rettsleg konkurranseregulering. Artikkelen vert publisert i Tidsskrift for Forretningsjus.

Ingrid sitter på en benk..
Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund
Foto/ill.:
Veronica Ljosheim

Hovedinnhold

Det er særleg konkurranselova § 14 som opnar opp for forskriftsregulering av konkurransen i marknader som har aktualisert temaet for artikkelen. Ingrid tek spesifikt for seg grensa ODA-protokoll 4 kapittel II artikkel 3 nr. 2 stiller opp mellom samarbeidskriteriet i EØS-avtala artikkel 53 og einsidig åtferd. Det er berre ved sistnemnde at nasjonale styresmakter har fri tilgang til regulering utover EØS-reglane. Ingrid meiner at denne grensa er uklar ut frå definisjonane av avtaler under samarbeidskriteriet og einsidig åtferd, noko som gjer at det skjer ein overlapp der visse åtferder ser ut til å både tilfredstille kriteria for at ein avtale etter EØS-avtala artikkel 53 ligg føre og ei einsidig åtferd slik denne er definert i rettspraksis. Artikkelen drøftar kvar denne grensa går etter gjeldande rett, og konkluderer med at desse overlappstilfella vert rekna som einsidige etter artikkel 3 og dermed at norske styresmakter ikkje vil vere forhindra frå å regulere desse tilfella.

Artikkelen er tilgjengelig elektronisk her