Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi

Digital breiddeutgjeving | Editio latissima

Editio latissima er eit pilotprosjekt som tek sikte på å knyte saman eksisterande og nye tekstressursar av nordiske mellomaldertekstar.

Utsnitt frå bl. 3r i Gammalnorsk homiliebok, AM 619 4to
Utsnitt frå bl. 3r i Gammalnorsk homiliebok, AM 619 4to.
Foto/ill.:
Den Arnamagæanske Håndskriftsamling, Københavns Universitet

Hovedinnhold

Prosjektet Editio latissima vil formidle originaltekstar på eitt eller fleire nivå, supplert med fotografiske faksimilar i høg kvalitet. I tillegg kjem det ei omsetjing av teksten til moderne norsk (eller eit anna språk). Dernest vil teksten ha full morfologisk annotasjon, dvs. opplysning om oppslagsform og grammatisk form av alle ord. Vidare kan det vere syntaktisk annotasjon av alle setningane i teksten. Andre typar av innhald er også moglege. Kodinga følgjer dei retningslinjene som er gjevne i The Menota Handbook.

Prosjektet vart oppretta i april 2020 og har som sitt primære mål å vere eit tekstlaboratorium, ikkje ein endeleg publikasjonskanal. Prosjektet omfattar førebels to gammalnorske tekstar, Homilieboka i AM 619 4to og Landslova i Holm perg 34 4to, og ein latinspråkleg tekst, Vita et Passio St. Hallvardi, som ligg føre i fire tekstvitne.

Bak prosjektet står Odd Einar Haugen (UiB) (leiar), Anna C. Horn (UiO), Åslaug Ommundsen (UiB), Robert K. Paulsen (UiB) og Nina Stensaker (UiB).

Den digitale publiseringsløysinga er utført av Paul Meurer ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Det er ei vidareutvikling av hans Corpuscle-applikasjon som allereie er brukt for tekstane i Menota.

Gammalnorsk homiliebok i AM 619 4to

Ei brei utgåve av Gammalnorsk homiliebok er tilgjengeleg i Menotas arkiv på denne nettstaden og omfattar:

Innleiing ved Odd Einar Haugen og Åslaug Ommundsen (første utkast)

Diplomatarisk tekst etter Gustav Indrebøs utgåve (1931), tilrettelagd av Christian-Emil Smith Ore og medarbeidarar ved Universitetet i Oslo, revidert av Odd Einar Haugen og Nina Stensaker ved Universitetet i Bergen

Faksimilar av handskriftet i fulle fargar frå Den Arnamagnæanske Håndskriftsamling i København

Morfologisk annotasjon ved deltakarar på Menotec-prosjektet

Omsetjing til moderne norsk bokmål ved Astrid Salvesen (1971)

Syntaktisk analyse ved deltakarar på Menotec-prosjektet (enno ikkje aktivisert)

På Menotec-prosjektet vart den morfologiske og syntaktiske annotasjonen utført av Kari Kinn, Eiríkur Kristjánsson, Signe Laake og Fartein Th. Øverland. Under tilrettelegginga av teksten ved Universitetet i Oslo deltok også Rune Flaten og Mette G. Ekker, og seinare har Alex Speed Kjeldsen (København) hjelpt til med valideringa av fila. XML-fila kan lastast ned frå Menotas arkiv (sjå den siste kolonna i katalogen) og inneheld eit fullstendig oversyn over dei som over åra har arbeidd med denne utgåva (jf. <titleStmt> og <revisionDesc> i header i XML-fila).

Magnus Lagabøtes landslov i Holm perg 34 4to

Ei brei utgåve av Landslova er tilgjengeleg i Menotas arkiv på denne nettstaden. Utgåva omfattar:

Innleiing ved Anna C. Horn (første utkast)

Tekst på tre nivå (faksimilær, diplomatarisk, normalisert) ved Anna C. Horn og Robert K. Paulsen

Faksimilar av handskriftet i fulle fargar frå Kungliga Biblioteket i Stockholm

Morfologisk annotasjon ved Robert K. Paulsen

Omsetjing til moderne norsk ved Anna C. Horn

Syntaktisk analyse ved deltakarar på Menotec-prosjektet (enno ikkje aktivisert)

På Menotec-prosjektet vart den morfologiske og syntaktiske annotasjonen utført av Kari Kinn, Eiríkur Kristjánsson, Signe Laake og Fartein Th. Øverland.

Vita et passio St. Hallvardi

Den latinspråklege legenda om St. Hallvard vil hausten 2020 bli gjort tilgjengeleg i Menotas arkiv på denne  nettstaden. Utgåva kjem til å omfatte:

Innleiing ved Åslaug Ommundsen (under arbeid)

Tekst etter Oslo, Nor. fragm. 98, med tilhøyrande faksimile av handskriftsfragmentet

Tekst etter Stockholm, Fr. 7708, med tilhøyrande faksimile av handskriftsfragmentet

Tekst etter Acta Sanctorum (1680) med tilhøyrande faksimile av den trykte utgåva

Tekst etter Breviarium Nidrosiense (1519) med tilhøyrande faksimile av den trykte utgåva

Omsetjing frå latin til moderne norsk ved Åslaug Ommundsen

Som det neste steget i framlegginga av desse tekstane vil det bli utarbeidd ei synoptisk oppstilling av dei fire tekstvitna.