Hjem

Forskargruppe i mellomalderfilologi

Handbok i norrøn filologi

Handbok i norrøn filologi presenterer norrønt språk og norrøn litteratur i konsist format, men nokon lettvektar er det ikkje tale om: i 2. utgåve tel boka 800 sider. Boka spring ut av eit nasjonalt samarbeidsprosjekt, men den har eit solid feste i bergensmiljøet.

Odd Einar Haugen, som har skrive to av kapitla, er også redaktør av boka, og elles i bergensmiljøet har Else Mundal skrive ytterlegare to kapittel. Dei andre bidragsytarane er Endre Mørck (Tromsø), Jan Ragnar Hagland og Karin F. Seim (Trondheim), Inge Særheim (Stavanger), Marit Aamodt Nielsen (Kristiansand), Jon Gunnar Jørgensen (Oslo), Bernt Øyvind Thorvaldsen (Skien) og Jonas Wellendorf (Berkeley, USA).

Boka kom ut i januar 2013 på Fagbokforlaget og i skriftserien til Landslaget for norskundervisning (LNU).

Les meir om bokprosjektet her: Handbok i norrøn filologi