Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi

Forskingsplan

Då forskargruppa i mellomalderfilologi vart oppretta i 2012, bygde leiinga opp forskingsplanen “Lærdom og tekstkultur” som blei publisert i 2013. I 2019 fekk forskargruppa ved dåverande leiar Aidan Conti tilslag i forskingssatsinga til HF-fakultetet, med ein plan for det faglege arbeidet.

Hovedinnhold

I åra 2019-2021 har arbeidet retta seg inn mot tre hovudområde:

- Skriftkultur (fagleg leiar Åslaug Ommundsen)

- Den digitale mellomalderen (fagleg leiar Odd Einar Haugen)

- Teoretiske og tverrfaglege tilnærmingar (fagleg leiar Aidan Conti) 

 

Det faglege fokuset i forskargruppa har harmonert med den opphavlege forskingsplanen, som rissa opp fire hovudfelt (1) Teksttradisjon og tekstkritikk, (2) Lærdomslitteratur, (3) Norsk rett i mellomalderen og (4) Transformasjonar av det heroiske.

Vis forskingsplanen av 2013 

Oversynet over ressursar, publikasjonar og aktivitetar på denne nettsida viser at forskargruppa også dekkjer mange andre emne. Vi legg vekt på at gruppa skal vere open også for andre forskingsinteresser, og at det framtidige arbeidet i gruppa skal bli utforma av medlemmene.