Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi

Dagsseminar "Vokalharmoni i gammalnorsk"

Bilde av Maeshowe-runer med vokalharmoni
Maeshowe-runer med vokalharmoni
Foto/ill.:
Riksantikvarieämbet

Hovedinnhold

Vokalharmoni i gammalnorsk

Forskargruppa i mellomalderfilologi inviterer til eit dagsseminar om vokalharmoni i gammalnorsk måndag 16. mars 2015, kl. 10.00-16.30.

 

Ulike former for vokalharmoni førekjem i mange språk i verda, men i svært få av dei germanske språka. Dei fleste dialektar av gammalnorsk hadde vokalharmoni (i motsetnad til gammalislandsk), og i hovudtrekka er denne vokalharmonien godt forstått. Det er likevel eit brysamt unntak når det gjeld dei korte, låge vokalane, for dei oppførte seg rett og slett ikkje som ein skulle vente. Til dette dagsseminaret har vi invitert sju forskarar på feltet - frå Oslo, Trondheim og Bergen - og vi trur at denne forsamlinga har betre svar enn dei fleste på spørsmålet, utan at vi på nokon måte vil love at den vokalharmoniske gåta vil bli løyst. 

 

Flere informasjoner, bl.a. en leseliste og relevante artikkler finnes på dagsseminarets nettside.

 

Program:

10.00–10.15    Opning ved Odd Einar Haugen (UiB)

10.15–11.00    Gjert Kristoffersen (UiB): Innledningsforedrag

11.00–11.15    Kaffepause

11.15–11.45    Alexander K. Lykke (NBO): Trykklett /i/ og /u/ i det gammelnorske runematerialet fra etter 1050

11.45–12.15    Robert K. Paulsen (UiB): Vokalharmoni i Holm perg 34 4°

12.15–12.45    Sverre Stausland Johnsen (UiO): Vokalharmonien i ei gamalnorsk handskrift (AM 315 f fol)

12.45–13.45    Lunsj i rom 435

13.45–14.15    Jan Ragnar Hagland (NTNU): Vokalharmoni og vokalbalanse

14.15–14.45    Klaus Johan Myrvoll (UiO): Fråværet av vokalharmoni i gamalnorsk etter stutt /æ/ og /o/ [siste teikn skal vere "o med kvist"]

14.45–15.15    Jørgen Sandstedt (UiO): Kvantitative og tverrspråklige analyser av gammelnorske vokalharmonier

15.15–15.30    Kaffepause

15.30–16.30    Avsluttande diskusjon

17.30–           Felles middag på Zupperia i Nordahl Bruns gate 9 for alle som har lyst (på eigen kostnad)

 

 

Seminaret er gratis og inkluderer kaffepausar og ein enkel lunsj.

Det er eit avgrensa tal med ledige plassar på seminaret, så meld deg på jo før, jo heller!

Påmelding til Robert Paulsen innan 1. mars 2015.