Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
mat i mellomalderen

Politiske fester: til bords med den romerske keiseren

Simon Malmberg: Korleis kunne keiserpalassa sine bankettar i Roma og Konstantinopel brukast som politisk propaganda?

Bilde av Prof. Simon Malmberg under foredraget
Foto/ill.:
Jutta Schloon

Hovedinnhold

Simon Malmberg er professor i klassisk arkeologi og har bl.a. arbeidet på feltet måltidsvitskap og forska på ritual i forbindelse med keiserpalassa sine bankettar i Roma og Konstantinopel.

Simon Malmberg fortel om korleis slike bankettar kunne brukast som politisk propaganda. Hovudfokus til føredraget ligg på perioden ca. 350-600, men denne perioden vert også sett inn i lange linier frå Augustus si tid fram till 900-talet.

Høyr noko om korleis festane og bordrituala såg ut og korleis dei blei brukt til å uttrykkja politisk status!

  

Velkomen!


Arrangementet er gratis og åpent for alle!

 

Om foredragsrekka

Matkultur er eit av dei mest komplekse områda i den menneskelige kulturen. Når ein forskar i historiske matkulturar, ser ein vesentlege forskjellar og endringar epokane imellom. Ingrediensar og teknologi, reglar og tradisjonar, habitus og samtalen ved bordet – alle desse endrast med tida. Følg med førelesingsrekka om mat i mellomalderen og møt spennande humanistisk forsking på ulike fagfelt!