Hjem

Forskargruppe i mellomalderfilologi

Norrøn grammatikk i hovuddrag

Norrøn grammatikk i hovuddrag

Odd Einar Haugen: Norrøn grammatikk i hovuddrag. Oslo: Novus, 2015. ISBN 978-82-7099-830-2.

Norrøn grammatikk i hovuddrag er ein grammatikk over det språket som vart talt og skrive i Noreg og på Island og vesterhavsøyane i mellomalderen, med eit tyngdepunkt på 1200-talet. Grammatikken er skriven for studentar på universitet og høgskolar, men den kan også lesast av dei som har allmenn interesse i det norrøne språket. Grammatikken skil seg ut ved å ha eit gjennomført samtidig blikk på det norrøne språket slik det var i høgmellomalderen. Det vil seie at i staden for å bruke nemningar på ord- og bøyingsklasser frå urnordisk brukar grammatiken ei inndeling som synkront er i samsvar med det norrøne språket, og som dermed er lettare å jamføre med moderne norsk. Til hjelp for lesarane har grammatikken ei ordliste der alle faguttrykka er forklarte.

Les meir på denne nettsida: Norrøn grammatikk i hovuddrag