Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi

Fontar

Sjølv om Unicode-standarden omfattar stadig fleire av dei teikna som trengst i mellomalderstudiet, kan det framleis vere behov for særskilde fontar. Med utgangspunkt i forskargruppa har det vore utvikla fontar for runeskrift, og det har lenge vore arbeidd med å fremje og forenkle bruken av spesialteikn i det latinske alfabetet.

Hovedinnhold

Gullhornet er ein font som inneheld eit godt utval av dei eldre runene med variantar, medan Gullskoen har eit tilsvarande utval av dei yngre runene, også desse med mange varianter. Fontane er gratis tilgjengelege og kan brukast på Mac, Linux og Windows. Følg denne lenka for å laste ned fontane.

Gullhornet og Gullskoen er utvikla av Odd Einar Haugen, og han arbeider no med ein Unicode-kompatibel runefont, UNI Runes, som skal omfatte inventaret i begge fontane pluss ein del nye runeteikn frå Codex Runicus (AM 28 8vo).

MUFI (Medieval Unicode Font Initiative) inneheld mykje nyttig stoff for den som ønskjer å gje att teikn frå nordiske mellomlalderhandskrifter. På denne nettsida finst både eit oversyn over alle desse teikna, MUFI character recommendation, og eit utval av fontar til gratis nedlasting. Den nyaste fonten som no ligg ute, er Andron Scriptor, utvikla av Andreas Stötzner i samarbeid med MUFI og publisert 3. juli 2020.