Hjem

Kvartære geosystemer

Masterprosjekt V19 KGS

Masterprosjekt vår 2019 - GEO - Jostein Bakke

Stabiliteten til to bredemte sjøer på Folgefonna

Prosjektbeskrivelse
Brear over heile verda, bortsett frå enkelte område i Antarktis, trekker seg tilbake som følgje av global oppvarming. Tilbaketrekking av brear etterlèt seg eit nytt og ope landskap der dei mange overfordjupingane blir fylte med vatn og gjev opphav til innsjøar oppdemd av breen. Dette utgjer ein naturfare som kan få dramatiske konsekvensar for menneske og infrastruktur i nærleiken av breane våre.

Fenomenet har namnet jøkullaup og er kjenneteikna med rask og stor vassføring når innsjøane brått vert tappa. Mange av dei historiske jøkullaupa kring Folgefonna har skjedd i samband med tilbaketrekkande brear. Pyttabreen er ein av dei brattaste utlaupsbreane på Sørfonna og drenerer vidare ned til Bondhusvatnet og endar i Maurangerfjorden. Ved den nordlegaste delen av brefallet går det ei bretunge ned mot Fynderdalshorga. Her demmer breen ein innsjø med eit areal på omlag 0,3 km3 og NVE har sett i gang overvaking og tek jamleg bilete av innsjøen for å sjå korleis den utviklar seg. Ved den nordlegaste utløpsbreen av dei to brearmane som vert kalla Gråfjellsbreen på vestsida av Sørfonna, har det dei seinare åra komme fram ein bredemd sjø som potensielt kan føre til jøkullaup. Denne situasjonen er uavklara og ein har ikkje tidlegare prov for tappingar i dette området. NVE har rekna ut at det er omlag 0,1 mill. m3 tilgjengeleg i innsjøen noko som er nok til å gjere betydeleg skade nedstraums om den vert katastrofetappa.

Kva type bredemte sjøar er det ved Pyttabrea og Gråfjellsbrea?
Kva kan mekanismar kan vere utløysande faktor for desse bredemdesjøane?
Er det mogleg å rekonstruere kor mange gonger desse innsjøane har vorte tappa i fortida?
Utgjer dei noko fare for infrastruktur eller busetand nedstrøms?

Arbeid
Studenten skal utføre eit grunding kartleggingsarbeid kring dei bredemte sjøane og nytte seg av geomatiske og geofysiske metodar. For å nå lokalitetane er det naudsynt å krysse blåisområder. Vidare skal dreneringsfeltet nedsrtøms kartleggjast for å finne ut om det er mogelg å datere tidlegare tappingar, til dømes ved bruk av stratigrafi eller innsjøsedimenter.   

Krav for opptak
GEOV110 (10 stp) Innføring i Kvartærgeologi
GEOV109 (10 stp) Innføring i geokjemi
Eller tilsvarende

Felt-, lab- og analyse- arbeid
Oppgåva krev til dels krevjande feltabeid opp på breen. Dette må gjerast sommarsesongen 2019 og eventuelt supplerast i 2020.  Alt analysearbeidet av til dømes innsjøkjernar vil bli gjort på EARTHLAB. 

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 sp)
GEOV225 (10 stp) - Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima (10), 
GEOV226 (10 stp) - Lab- og metodekurs i kvartærgeologi (10)
GEOV222 (10 stp) – Paleoklimatologi 
GEOV229 (10 stp) - Geomorfologi
GEOV228 (10 stp) – Kvartærgeologiske dateringsmetoder
GEOV326 (10 stp) – Kvartære miljø, prosessar og utvikling