Hjem
Naturgeografi
Ny tilsett

Pål Ringkjøb Nielsen er ny postdoktor

Pål Ringkjøb Nielsen er tilsett som ny postdoktor i naturgeografi ved Institutt for geografi. Han er oppteken av storm og klimaendringar og vil i si postdoktor-stilling utvida kunnskapen om fortidas stormaktivitet.

Pål Ringkjøb Nielsen i Himalaya
Pål ringjøb Nielsen i Himalaya langs Manssiu Circuit Larke Pass.
Foto/ill.:
Pål Ringkjøb Nielsen

Pål Ringkjøb Nielsen har både mastergrad og doktorgrad frå Institutt for geografi ved UiB. Tittel på doktorgradsavhandlinga var «Holocene storminess and climate change in Lofoten and Vesterålen, northern Norway».

Som postdoktor vil han forska vidare på storm og klimaendringar ved å rekonstruera stormaktivitet og brefluktasjonar langs kysten av Noreg dei siste 10 000 åra.

Ekstremvær og naturskader

Vestkysten av Noreg er utsatt for ekstremvær. Dette gjeld særleg i vintermånadene då store temperaturskilnader mellom luftmassane i Atlanterhavet fører til kraftige ekstratropiske lågtrykk. Tilførsel av fuktig (maritim) luft frå desse lågtrykka har mykje å seia for eksistensen av brear langs Norskekysten, då dei er avhengig av store mengder nedbør som snø gjennom vinterhalvåret.

Ekstremvær er ofte synonymt med vind av orkan styrke, stormflo og kraftig nedbør, og kan i dei mest ekstreme tilfella føra til store øydeleggingar og naturkatastrofar. Data frå Norsk Naturskadepool (naturskade.no) syner at skadar etter storm og tilhøyrande stormflo utgjer dei største utbetalingane med ~9.5 milliardar norske kroner i perioden 1980-2016 (63% av total), og såleis påverkar samfunnet mest av alle ekstremhendingar. Til samanlikning var utbetaling etter flaumskadar ~4.5 milliardar i same periode.

Behov for kunnskap om stormaktiviteten i fortida

Meteorologiske målingar i Noreg går berre attende om lag 150 år, og kjennskap om stormars intensitet og frekvens attende i tid, samt distribusjon av vinternedbør, er lite utforska.

- Med eit varsel om at hyppigheita av ekstremvær kjem til å auka i takt med klimaendringane er det eit skrikande behov for å undersøka korleis dette har variert i tidlegare tider, seier Pål Ringkjøb Nielsen.

Stormaktivitet og brefluktuasjonar dei siste 10.000 åra

Tema for postdoktor-stillinga er å rekonstruera fortidas atmosfæriske sirkulasjon langs vestkysten av Noreg, avspegla i brefluktuasjonar (vinternedbør) og stormaktivitet. Prosjektet vil vera basert på ein multiproksy framgangsmåte, med hovudvekt på analysar av sedimentkjernar og kvartæregeologisk kartlegging.

- Hovudmålet er å utvida dagens kunnskap om fortidas stormaktivitet og korleis dette har påverka kystdyner i Noreg, seier vår nye postdoktor.

Velkomen tilbake til Institutt for geografi, Pål!