Hjem
Naturgeografi
Forskning

Vind og naturfarar

Vind er noko me har mykje av langs kysten av Noreg. Men korleis har vinden variert attende i tid?

Storm i Lofoten
Foto/ill.:
Pål Ringkjøb Nielsen

Hovedinnhold

Noreg er utsatt for ekstremvêr. Dette er hovudsakleg relatert til dei mange lågtrykka som følgjer vestavindsbeltet over Atlanterhavet, samt polare lågtrykk som blir danna i Norskehavet og i Barentshavet når kald luft strøymer over varmt havvatn. Ekstremvær er ofte synonymt med vind av orkan styrke, stormflo og kraftig nedbør. I dei mest ekstreme tilfella kan desse stormane føra til store øydeleggingar og naturkatastrofar. Men kva veit me eigentleg om vedvarande vindretning og styrke utover dei instrumentelle målingane? Og kva ekstreme vindhastigheiter kan førekome i eit lengre tidsperspektiv? Dette er spørsmål som er særleg relevant for langsiktig planlegging og som potensiell kjelde til vindkraft. Ved Institutt for geografi studerer vi korleis stormar har variert attende i tid. Målet med å rekonstruera fortidas stormar er å få betre kunnskap om korleis den atmosfæriske sirkulasjonen har variert i tid og rom, samt for å få ein peikepinn for kva som kan skje i framtida. Pågåande prosjektet ser på transport og avsetting av flygesand og ulike element frå sjøsprøyt i naturlege basseng langs Norskekysten.