Hjem
Naturgeografi
Feltkurs

Ut i naturen med masterstudentar i naturgeografi

I juni kvart år reiser Svein Olaf Dahl og Atle Nesje på feltkurs frå vest til aust i landet. Med seg har dei masterstudentar i naturgeografi og geologi.

Foto/ill.:
Pål Ringkjøb Nielsen

Hovedinnhold

Emnet GEO341 Mastergradsfeltkurs i naturgeografi er obligatorisk for masterstudentane i naturgeografi. Gjennom feltundersøking og ekskursjon får studentane ei brei innføring i aktuelle naturgeografiske problemstillingar og forskingstema i Noreg. Langs eit vest-aust transekt i Sør-Noreg frå Måløy i ytre Nordfjord til Østerdalen får studentane eit innblikk i dei agensene som har forma dette landskapet.

Landskapsgrublerier

I 2011 var NRK og Ut i naturen med professorane og studentane på feltkurset. NRK omtalar sjølv programmet slik:

"Dei brukar sommaren til å gruble over snøen som falt for titusenvis av år sidan. Bli med på studenttur i det fri og oppdag den iskalde forskjellen mellom Vestlandet og Austlandet."

Sjå programmet her:

Lanskapsgrublerier i Ut i naturen på NRK