Hjem
Optimering
Kven vi er ... Kva vi gjer ...

Optimeringsgruppa

Optimization - Problem Solving
I mange tekniske og økonomiske samanhengar står ein overfor problem som går ut på å bestemma verdien på ukjente variablar, slik at eit bestemt kriterium vert minimert eller maksimert. Eksempel på slike problem spenner frå det å finna kommunikasjonsruter i trådlause nett slik at energiforbruket vert minimert, til det å laga ein produksjonsplan for ein bedrift slik at overskotet vert maksimert. Optimeringsgruppa underviser og forskar innafor det å setja opp modellar for slike problem, utvikla metodar for å løysa modellane, og å laga raske og effektive implementasjonar av desse. Problema som ein ser på har oftast eit industrielt utspring, henta frå t.d. telekommunikasjon eller olje- og gassindustri. Modellane som vert utvikla er lineære optimeringsmodellar og modellar for nettverksflyt, ikkje-lineære modellar og kombinatoriske optimeringsmodellar.