Hjem
Politisk organisering og flernivåstyring

Tema og Forskingsprofil

Tema og forskningsprofil

Nye styrings- og organisasjonsformer utfordrar etablerte ordningar. Gruppa si forsking er komparativt orientert og rettar seg mot relasjonane mellom det europeiske nivået, det sentrale statlege nivået, regionar og kommunalt nivå og mot nye former for offentleg-privat samarbeid. Vi er mellom anna opptekne av korleis organisasjons- og styringsformer blir til og endrar seg gjennom organisasjonsmessige innovasjonar i spenningsfeltet mellom demokratisk styring, forvaltning og marknad.

Forskingsgruppa er involvert i fleire store nasjonale, og internasjonale forskningsprosjekt. Sjå her for oversikt over pågåande prosjekter.

Eit sentralt tema er handlingsvilkår for ein aktiv forvaltningspolitikk med vekt på samspelet mellom bevisst styring og tilpassing til internasjonale doktrinar og etablert forvaltningskultur og tradisjon. Vidare rettar vi merksemda mot politiske avgjerdsprosessar med fokus på korleis reformer blir utforma, gjennomførte og iverksette på eitt nivå påverkar andre nivå i forvaltningssystemet. Dette dreiar seg både om auka integrasjon i EU og samspelet mellom nasjonale, regionale og lokale forvaltningsorgan.

Eit særleg fokus har lenge vore "New Public Management"- orienterte forvaltningsreformer og reformer i kjølvatnet av slike reformer, ofte kalla post-NPM eller "whole-of-government"- reformer. Ny regulerings- og tilsynspolitikk, nye kontroll- og revisjonsformer, framveksten av ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi, endring i tillitsforhold, i ansvarsrelasjonar, i samordnings- og spesialiseringsformer og spenningar mellom politisk styring og fagleg autonomi i fristilte forvaltningsorgan blir studert. Vidare, studiar av organisering for såkalla ’wicked issues’, eller gjenstridige problem, prega av kompleksitet, usikkerhet og gjenstridige problem står sentralt. Dette er politikkområde der problemstrukturen går på tvers av politikkområde og forvaltningsnivå, til dømes samfunnssikkerhet, klima, innvandring og integrering og kriminalitetsforebygging.

Forskingsgruppa har også eit fokus på europeiske integrasjonsprosessar og kva effektar desse har for politisk styring, folkevalt kontroll og ansvarleggjering. I Europa har endringar i lokale, nasjonale og transnasjonale styringsformer eit dynamisk tyngdepunkt i den Europeiske Union som både påverkar medlemsstatane og blir påverka av dei. Auka integrasjon i Europa har vidtrekkande implikasjonar for nasjonalstatleg og overnasjonalt demokrati. Også norsk forvaltning og demokrati blir gjennom medlemsskapet i EØS påverka av EU. Europeisk integrasjon medfører eit komplekst samspel mellom spesialisert fagstyre, politikk og jus. Eit hovedfokus er å kartlegge slike pågåande endringsprosessar på ulike politikkområder og styringsnivå. Europeisk samarbeid, europeisering, konstitusjonalisme, internasjonal integrasjon, reguleringsregime, juridifisering og institusjonsbygging er tema som blir arbeidd med i forskingsgruppa.

Teoretisk sett er gruppa forankra i ei brei institusjonell tilnærming som kombinerer instrumentelle modellar, kulturelle perspektiv og omgjevnadstilpassing. Ei organisasjonsteoretisk tilnærming til korleis formelle organisasjonar verkar, litteratur om "multi-level governance", iverksetting og transformative tilnærmingar står sentralt.

 

Gruppas aktivitetar

Gruppa har stor forskingsaktivitet med omfattande nasjonal og internasjonal publisering i tidsskrift og bøker. Vi har dei siste åra gitt ut fleire lærebøker og har organisert og drive eksternt finansierte etterutdanningstiltak i regi av instituttet. Vi har fleire store eksternt finansierte forskingsprosjekt, vi har rekruttert fleire doktorgradskandidatar og har gjennomgående hatt stor produksjon av masterkandidatar. Vi har også eit breitt fagleg nettverk internasjonalt, vi har arrangert internasjonale konferansar og vi deltek aktivt på internasjonale konferansar og seminar.