Hjem
Gruppen for praktisk filosofi
Forum for politisk teori

Rettferdige klimaavtalar

Linda Nøstbakken, NHH stiller spørsmålet: Korleis vil ein klimaavtale sjå ut om ein både er oppteken av fordeling mellom genrasjonar og innanfor ein generasjon?

Bilde av en jente som leker nær vindmøller
Illustrasjonsfoto
Foto/ill.:
www.colourbox.no

Hovedinnhold

Sjølv om dei fleste klimaforskarar og politikarar er samde om at global oppvarming representerer ein reell trussel mot velferda vår, er det framleis debatt om kva målsetjingar klimapolitikken bør ha og korleis desse målsetjingane bør implementerast. Fordelingsaspektet er i denne samanhengen særs viktig. Byrdene og gevinstane ved utslippsreduksjonar skal fordelast mellom nolevande og framtidige generasjonar. Dette intergenerasjonelle aspektet ved klimatiltak har fått mykje merksemd i den samfunnsøkonomiske litteraturen. I tillegg er det intragenerasjonelle aspektet viktig - korleis byrdene ved utsleppsreduksjonar skal fordelast innanfor kvar generasjon, for eksempel mellom ulike land i dag. Desse to fordelingsaspekta heng dessutan tett saman. Om ein til dømes vil gi fattige land raskare økonomisk vekst i dag, vil utsleppa frå desse landa auke og dermed auke klimabyrda for framtidige generasjonar. Med dette utgangspunktet spør me korleis ein klimaavtale kan sjå ut om ein både er opptatt av fordeling mellom generasjonar og innanfor ein generasjon.

For å analysere dette utviklar me ein teoretisk modell med rike og fattige land som produserer og konsumerer eit gode. Landa kan velje å bruke karbonfri teknologi i produksjonen, eller meir produktiv, men karbonintensiv teknologi. Klimautsleppa frå produksjonen er globale, og påverkar dermed både rike og fattige land uavhengig av kvar utsleppa skjer. Me finn at aversjon mot ulikskap reduserer konsumskilnadane mellom landa på kort sikt og på lang sikt, medan skilnadane vil auke på mellomlang sikt.