Hjem
ProtMetD: Proteinmodifisering, metabolisme og sykdom
Forsking

Nye NAA10-mutasjonar identifisert hos 11 jenter og gutar med utviklingshemming

Dei siste åra har fleire pasientar med alvorleg utviklingshemming vorte diagnostisert med mutasjonar i genet NAA10. I denne månadens utgåve av journalen Human Mutation har Svein Isungset Støve, Marina Blenski og Thomas Arnesen frå NAT-gruppa ved MBI i samarbeid med klinikarar frå Tyskland, Frankrike Nederland og USA oppdaga og karakterisert ytterligare 3 nye de novo mutasjonar i NAA10 genet frå totalt 11 pasientar.

Schematic representation of the Naa10 protein, encoding exons, domains and localization of mutations in affected males and females.
Figure 1: Mutations identified in NAA10. Schematic representation of the Naa10 protein, encoding exons, domains and localization of mutations in affected males (blue circles) and females (red circles). *, previously published mutations.
Foto/ill.:
Svein Støve

Dei siste åra har fleire pasientar med alvorleg utviklingshemming vorte diagnostisert med mutasjonar i genet NAA10. Naa10 er eit enzym som ovefører ein kjemisk gruppe (acetyl) på enden (N-terminal aminogruppe) til om lag 40% av alle protein i kroppen. Den første NAA10-mutasjonen oppdaga i pasientar blei beskrive i 2011. 8 gutebarn frå to urelaterte familiar var ramma av eit syndrom (Ogden syndrom) karakterisert av  mellom anna alvorleg global utviklingshemming, og død før gutane blei 2 år gamle. Sidan den gong har fleire pasientar med NAA10-mutasjonar vorte identifisert. I 2014 blei ein frameshift mutasjon i NAA10 identifisert som årsak til Lenz-Micropthalmia syndrom i tre voksne brødre. I 2015 blei ein 6 år gamal gut og ei 3 år gamal jente med lettare psykisk utviklingshemming identifisert med to ulike NAA10-mutasjonar, og seinare same år blei ein femte NAA10-mutasjon oppdaga hos to brødre i tjueåra med psykisk og fysisk utviklingshemming. Inntil nylig var dermed totalt 14 pasientar identifisert med 5 forskjellige mutasjonar i NAA10. På eit molekylært eller cellulært nivå har mutasjonane vist å anten føre til redusert katalytisk aktivitet for Naa10, eller tap av Naa10 tilstedeværelse, men mekanismane bak dei forskjellige syndroma er fortsatt ukjent. 

I denne månadens utgåve av journalen Human Mutation har Svein Isungset Støve, Marina Blenski og Thomas Arnesen frå NAT-gruppa ved MBI i samarbeid med klinikarar frå Tyskland, Frankrike Nederland og USA oppdaga og karakterisert ytterligare 3 nye de novo mutasjonar frå totalt 11 pasientar. Dette representerer omlag ei dobling på talet pasientar som har vorte identifisert med NAA10-mutasjonar så langt, og oppdaginga av desse NAA10-mutasjonane kan tyde på at mutasjonar i NAA10 som årsak til utviklingshemming er mykje meir vanleg enn først antatt. Dei fleste pasientane med NAA10-mutasjonar som har vorte identifisert tidligare har vore gutar med anten de novo mutasjonar eller mutasjonar arva frå mødre som er bærarar av mutasjonen men elles friske. Litt overraskande var 10 av dei 11 nye tilfella av pasientar omtala i denne artikkelen jenter, og desse funna bidrar slik til å utvide det fenotypiske spekteret hos pasientar med NAA10-mutasjonar. Funna understrekar også at genotype-fenotypekorrelasjonen til desse sjukdommane er mykje meir komplekse enn først antatt.