Hjem
Samfunnsgeografi
Feltkurs

Samfunnsgeografisk feltkurs til Stord

-Feltkurs er utroleg spennende! Vi får sett teori i praksis og opplevd ting frå innsida. Det gir oss nye perspektiv og er svært lærerikt, seier geografistudent Astri Mienna.

Gruppe i verneutstyr på Apply Leirvik
Denne gruppa studerte omstilling i næringslivet med spesielt fokus på olje-og gassindustrien. Her er Astri Mienna, Hanne Aarland, Ida Harms og Henriette Crook på besøk hos Apply Leirvik.
Foto/ill.:
Astri Mienna

Hovedinnhold

2.-4. november var 30 geografistudentar frå Universitetet i Bergen (UiB) på feltkurs til Stord. Her skulle dei gjere seg kjend med regionen og sette teori ut i praksis. Feltkurset i samfunnsgeografi har hausten 2015 Stord kommune som sitt feltområde. Gjennom kurset får studentane ei første innføring i praktisk forsking, utgreiingsteknikkar, analysar og skriving av feltrapportar.

Første møte med praktisk forsking

Studentane har valt å arbeide med tema som stadsidentitet og fysisk planlegging, tettstadsutvikling, energiomstilling, miljø og forvaltning, entreprenørskap, samferdsel, arealkonfliktar og landbruk.

– Det er viktig at studentane får teste ut aktuelle samfunnsmessige problemstillingar på anna vis enn gjennom fagbøker og førelesingar. Studentane får kome seg ut i felt, og får innsikt i og erfaring med korleis ein skal gjere utgreiingsoppgåver. Dette er relevant for vidare studiar og yrkesliv, seier kursansvarleg Grete Rusten.

Ho arrangerar kurset saman med Håvard Haarstad, Ingrid Foss Ballo, Knut Hidle og Helge Lea Tvedt. Kurset er eit samarbeid med Stord kommune.

Ekstra spennande med Stord

Kurset går kvart år for studentar tidleg i løpet på bachelorprogrammet i geografi. Også i 2009 besøkte geografistudentar frå UiB Stord kommune, og no kom eit nytt kull på besøk.

– Stord er ekstra spennande. Det er ein større region som møter mange utfordringar knytt til svingningar og konjunkturar. Stord blir også ein sentral aktør for store, nye samferdselsprosjekt, seier Grete Rusten.

Møte med kommune og næringsliv

Studentane hadde i forkant av besøket kontakta folk i kommunen, lokalt næringsliv og andre som dei skulle intervjue under opphaldet. Dei ulike prosjektoppgåvene blir seinare samla, redigert og publisert i ein feltrapport som blir tilgjengeleg for interesserte rundt årsskiftet.

- Feltkurs er utroleg spennende! Vi får sett teori i praksis og opplevd ting frå innsida. Det gir oss nye perspektiv og er svært lærerikt, seier geografistudent Astri Mienna.

Gruppa ho var på studerte omstilling i næringslivet med særleg fokus på olje- og gassindustrien og var mellom anna på besøk hos Apply Leirvik.

Institutt for geografi ved UiB vil takke kommunen, næringslivet, organisasjonar og andre som har stilt opp til intervju og gitt studentane mykje innsikt om Stord. 

– At vi blir kjend med lokalsamfunn på denne måten er viktig for mange av utdanningane våre, som er orientert mot næringslivsstrategiar, regional utvikling og planlegging, seier Rusten.

Les også lokalavisa Sunnhordland sin sak om feltkurset 2.november:

Geografistudentar tek over Stord