Hjem

Forskergruppe for statsrett, folkerett og internasjonale menneskerettigheter

Grunnlovsreforma i 2014 – Endringar og konsekvensar

Forskargruppa for statsrett, folkerett og menneskerettar arrangerer 2. desember eit heildagsseminar om årets grunnlovsreform.

Fullsatt i Stortinget
Boken ”Stortingets historie 1964–2014” tar for seg sentrale utviklingstrekk ved Stortinget og det parlamentariske system de siste 50 år. Boken blir presentert på Litteraturhuset 27. oktober.

I vår vedtok Stortinget den største reforma av Grunnlova sidan 1814 og 1905. Sjette mai fekk Grunnlova ny og moderne språkdrakt i form av to jamstelte språkversjonar på bokmål og nynorsk. Ei veke seinare, den trettande mai, vedtok Stortinget ein heilskapleg reform av Grunnlovas reglar til vern om individet.


Grunnlova fekk eit nytt kapittel med tittelen «Menneskerettar» og femten nye eller reviderte paragrafar. Fleire utdaterte paragrafar vart oppheva. Samstundes var fleire sider ved grunnlovsreforma politisk og juridisk kontroversielle. Nokre av dei føreslåtte sosiale rettane oppnådde ikkje det 2/3 fleirtalet nødvendig for grunnlovsendring. Debatten synleggjorde dessutan ulike syn på domstolanes rolle i handhevinga av Grunnlova. Stortinget utsette difor behandlinga av ei prinsippføresegn om domstolanes rett til å prøver lover og forvaltningsvedtak Grunnlova og ei føresegn med vilkår for Stortingets inngrep i dei nye grunnlovsrettane. Eit anna og overordna spørsmål er dette: Kva betyr dei nye grunnlovsrettane i ei tid der menneskerettsutviklinga skjer gjennom internasjonale konvensjonar, som alt er norsk lov?


Grunnlovsreforma har potensiale til å påverke balansen mellom rett og politikk i Noreg, men så langt er dei juridiske og politiske konsekvensane uvisse. Tema for dette seminaret er innhaldet i og konsekvensane av grunnlovsendringane som Stortinget vedtok i vår og som skal behandlast i nær framtid.


Program

 

Del I: Sivile og politiske rettar
 

09.00  

Frukost

09.30

Professor Eirik Holmøyvik (UiB): Velkomst og innleiing

09.40


Professor Jørgen Aall (UiB): Nye bestemmelser om sivile og politiske rettigheter i grunnloven

10.20


Fyrsteamanuensis Bjørnar Borvik (UiB): Vil Grunnlova § 102 få betydning for personvernet i norsk rett?

11.00

Pause


Del II: Sosiale rettar og retten til miljø
 

11.10


Professor Karl Harald Søvig (UiB): Grunnloven og barns rettigheter (særlig om §104)

11.50



Professor Henriette Sinding Aasen (UiB): Grunnloven og de nye velferdsrettighetene. Særlig om retten til utdanning (§ 109) og retten til støtte til livsopphold (§110, første ledd annen setning)

12.30

Lunsj

13.30


Advokat Pål W. Lorentzen (Thommessen): Grunnloven §112 om retten til miljø - bestemmelsen som kan forandre Norge


Del III: Domstolane som handhevar av menneskerettane
 

14.10

 
Avdelingsdirektør Arnulf Tverberg (Lovavdelingen): Grunnloven § 114: Kodifikasjon av prøvingsretten - og hva så?

14.50

Pause

15.00


Professor Terje Einarsen (UiB): Grunnloven § 97: Skal forbrytelser etter folkeretten omfattes av tilbakevirkningsforbudet?

15.40



Professor Terje Einarsen (UiB): Den nye institusjonelle bestemmelsen i Grunnloven § 95 annet ledd om domstolenes uavhengighet

16.00Slutt