Hjem
Forskergruppa Sosiolingvistikk og språkendring

Medlemmer per 1.1.2019

• Førsteamanuensis Ragnhild Lie Anderson (leiar frå aug. 2018)
• Professor emeritus Helge Sandøy
• Professor emeritus Gjert Kristoffersen (leiar fram til aug. 2018)
• Førsteamanuensis Agnete Nesse (kom i aug. 2018)
• Postdok-stipendiat Randi Neteland (kom 1. des. 2018)
• Stipendiat Helene Hildremyr
• Stipendiat Per Sigmund Sævik Bøe
• Stipendiat Krister Vasshus (blei medlem av gruppa i des. 2018)
• Arkivar Kristin Synnøve Kjos (blei medlem hausten 2018)
• Førstebibliotekar og fagleg leiar av Språksamlingane Peder Gammeltoft (blei medlem hausten 2018)
• Forskar Bente Selback (LIA-prosjektet, Talebanken, Målføresamlinga)
• Transkribørar på LIA-prosjektet: Trond Minde, Marie Lund,
• Mastergradsstudenter: Trond Minde, Øystein Hassel og Marie Lund

Medlemmer som forlet gruppa i 2017
• Transkribørarved LIA-prosjektet: Maren Østrem Nesse og Hans Emil Kvakland
• Mastergrad avlagt våren 2018: Rut Heradstveit

Aktiviteter i 2018

Det har gjennom begge semestera vore faste prosjektmøte kvar 14. dag, der medlemene har orientert kvarandre om faglege aktivitetar, nyhende og diskutert ulike faglege spørsmål. Kvar gong har det også vore eit hovudinnslag frå éin av gruppemedlemene i form av eit fagleg innlegg eller ein kort presentasjon og deretter diskusjon.  Ragnhild Lie Anderson og Gjert Kristoffersen bytte på ansvaret for innkalling, møteleiing og referat i vårsemester. I haustsemesteret har Ragnhild hatt ansvaret aleine, men har ved behov hatt hjelp av Helge Sandøy som vikar.

Prosjekt

LIA-prosjektet

Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd frå 2014 til 2019. Det er organisert som eit nasjonalt konsortium, med Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo som prosjekteigar. Målet er å byggja ein søkbar database av eldre, analoge målføreopptak frå heile landet. Bergensdelen av prosjektet blei avslutta i år, men Kristoffersen vil representera UiB i leiargruppa fram til prosjektavslutning i 2019. Fram til prosjektavslutning 1. september arbeidde Bente Selback som forskar og dagleg leiar, medan Marie Lund og Trond Minde arbeidde med transkribering og translitterering frå talenær transkripsjon til nynorsk.

MUNISOCS

Ei gruppe på fire forskarar fra UiB (Helge Sandøy, Ragnhild Lie Anderson), Høgskulen på Vestlandet (Edit Bugge) og UNI Research (Yngve Flo), leia av Ragnhild Lie Anderson, sende ny FRIPRO-søknad til Norges forskningsråd. Prosjekttittel: Municipalities as determinants of sociolinguistic change: A real time study of spoken language, attitudes and sense of belonging (MUNISOCS) Trass I at dette var andre året det vart jobba med søknaden, og to innleigde fagkonsulentar vart kontakta, fekk søknaden lægre karakter enn i fjor og nådde ikkje opp.

Talebanken

Dette er ein korpusressurs som forskargruppa disponerer. Jamfør eiga årsmelding.

Samarbeidsprosjekt

Helge Sandøy og Edit Bugge samarbeider med kollegaer ved Fróðskaparsetur Føroya om prosjektet Endringar i færøyske dialektar gjennom to generasjonar. Korleis, kor fort og kvifor?

Helge Sandøy har saman med Agnete Nesse vore hovudredaktør for firebandsverket Norsk språkhistorie. Det første bandet kom i 2016, og dei tre siste vart utgitt i 2018.

Individuelle prosjekt

Ragnhild Lie Anderson har i 2018 arbeidd vidare med to prosjekt knytt til Talemålsendring i Sogndal. Det eine er eit tradisjonelt sosiolingvistisk prosjekt med opptak og deretter analysar av trend og panelinformantar frå 1996, 2001, 2016 og 2017. Det andre er eit fagdidaktisk prosjekt der det blir laga 2 – 4 minuttars lydkutt av dei same opptaka. Desse skal leggast ut som ein undervisningsressurs i ein digital database, men vera open for allmenn bruk.

Gjert Kristoffersen har i 2018 arbeidd vidare med to prosjekt: Spreiing av tonelag frå Bergen til Strilelandet og Tonal variasjon i Övre Dalarna i Sverige.

Helge arbeider med eit forskingsprosjekt knytt til «Prøver af Landsmaalet (1853) – etter 160 år.»

Doktorgradsprosjektet til Helene Hildremyr dreiar seg om språkendring Odda/Tyssedal i Hardanger. Per Sigmund Sævik Bøe sitt doktorgradsarbeid er knytt til språkendring i Lindås og Øygarden i Nordhordland.

Postdoktorprosjektet til Randi Neteland skal handla om utvikling av industristadtalemåla i Narvik og Kiruna.

Doktorgradsprosjektet til Krister Vasshus går ut på å undersøkja korleis og i kva grad den språklege kontakta som har vore på kryss og tvers av Skagerrak har sett spor i stadnamnutvalet i dette kystområdet både i Noreg, Danmark og Sverige. Er der likskapar, og kva type likskapar er det i så fall snakk om?

Masterstudent Trond Minde arbeider med ei avhandling om talemålet i Ytre Arna, Øystein Hassel med ei masteroppgåve om talemålet på Laksevåg, og Marie Lund med ei masteroppgåve om talemålet på Karmøy.

Feltarbeid

Våren 2018 gjorde Ragnhild Lie Anderson saman med folk frå forskargruppa ei ny språkhaldningsgransking etter same mal som i Dialektendringsprosessar på Vestlandet i Meland kommune. Ho var også på gjenvisitt og samla inn noko supplerande data frå to av skulane i juni og november. Per Sigmund Sævik Bøe fekk tidlegare masterstudent Silje Villanger som intervjuar og fekk utført nytt feltarbeid i Øygarden. Masterstudent Øystein Hassel gjennomførte 14 intervju med 28 personar frå Laksevåg bydel til masteroppgåva som han har planar om å levera våren 2019. Masterstudent Marie Lund har samla inn talemålsmateriale frå Karmøy.

Ressursar

Talebanken, som vert utvikla i samarbeid med UNI Research, og som er ein viktig analysereiskap i prosjekta knytt til denne forskargruppa, er vidareutvikla i løpet av året. Det er no tre delprosjekt som har kvar sine korpus liggjande i Talebanken: Dialektendringsprosessar med sirka 3,8 millionar ord, Industristadprosjektet (Språkutvikling på industristader) som har om lag 1,8 millionar ord og Talesøk på om lag 1,6 millionar ord. Dessutan er det no bygd opp eit heilt parallelt korpus for færøysk i samarbeid med Fróðskaparsetur Føroya: Føroyskur talumálsbanki. Det blir ved utgangen av året på sirka 1 mill. ord.

Målføresamlinga:

2018 er det siste året LLE tar ansvar for målføresamlinga i form av ein dedikert personalressurs. Gjert Kristoffersen har sidan 2014 hatt redusert undervisning som ansvarleg leiar, samstundes som han har vore leiar for bergensdelen av det nasjonale forskingsinfrastrukturprosjektet ‘Language infrastructure made accessible’ (LIA-prosjektet, sjå nedanfor). Kristoffersen gjekk av med pensjon i sommar, og instituttet har signalisert at ordninga ikkje vil bli vidareført grunna dei knappe undervisningsressursane ved  nordisk språk og manglande vilje frå fakultetet til å øyremerka driftsmidlar. Det har i år vore kontakt med UB med tanke på at Språksamlingane kan overta ansvaret for samlinga. Dette er enno ikkje avklåra. Sjå elles særskilt årsrapport om samlinga.

Økonomi

Gruppa har ikkje motteke direkte støtte frå instituttet, men i samband med ein NFR-søknad (sjå ovanfor) fekk me tildelt 50 000 kroner til prosjektutviklingstiltak frå HF-forsk, og noko av denne potten har også gått med til arbeid for Talebanken.

Ragnhild Lie Anderson fekk støtte på kr. 40.000 frå Småforsk til transkripsjon og korrekturlesing av lydfiler frå Sogndal.

Målføresamlinga har hatt eit driftsbudsjett på kr. 20.000 som så vidt me veit ikkje vil bli vidareført i 2019. Dette har i hovudsak blitt brukt til å dekka driftsutgifter. I tillegg fekk samlinga kr. 34.600 i smådriftsmidlar for å halda fram med å digitalfotografera delar av papirmanuskripta som ligg i samlinga. Arbeidet har blitt gjort av Bente Selback. I tillegg held samarbeidet med Universitetsbiblioteket om å lage ein offentlig tilgjengelig, søkbar katalog over innhaldet i samlinga fram. Ansvarleg er Gjert Kristoffersen.

Deltaking med innlegg på fagkonferansar / -seminar

Ragnhild Lie Anderson:

 «Språkhaldningar i Meland». Sosiolingvistisk nettverk (SONE) Trondheim 19. – 20. april 2018.
«Bevisste og underbevisste språkhaldningar i Meland». Forskargruppa i nordisk språk. UiB. 24. mai 2018.

Gjert Kristoffersen:

 «Not all North Germanic tonal accent systems are privative: A closer look at Bergen (Norway) and Malung (Sweden)». International Conference on Tone and Intonation TIE2018. Göteborgs universitet, 11–13 oktober 2018.
“Language Infrastructure made Accessible (LIA)”. Innlegg på den 11. nordiske dialektologkonferansen, Reykjavik 20. – 22. august 2018.

Helge Sandøy:

Kommunaldepartemang (sic?) mot dialektkart. Eigentleg: Tankar om språkkontakt». Sosiolingvistisk nettverk (SONE) Trondheim 19. – 20. april 2018.
«Det norske talesamfunnet gjennom 200 år». Innlegg på den 11. nordiske dialektologkonferansen, Reykjavik 20. – 22. august 2018.

Agnete Nesse:

«Muligheter for å forske på eldre språk og dialekter ved hjelp av digitaliserte data».  Invitert plenar til den 11. nordiske dialektologkonferansen, Reykjavik 20. – 22. august 2018.

Publikasjonar

Kristoffersen, Gjert. 2018. "Tonelagsspredning på Strilelandet."I: Maal og Minne (2): 29–81.

Berg, Ivar; Bugge, Edit; Røyneland, Unn; Sandøy, Helge. 2018. Geografisk og sosial variasjon. I: Praksis.  Norsk språkhistorie II, s. 163-256. Novus forlag. ISBN 978-82-7099-848-7.Sandøy, Helge. 2018. Idéhistoria om norsk språk. I: Ideologi. Norsk språkhistorie III, s. 149–243. Oslo: Novus forlag. ISBN 978-82-7099-849-4.

Sandøy, Helge. 2018. Samfunnstype og språkleg variasjon. I: Tanya K. Christensen ofl. (red.) 2018. Dansk til det 21. århundrede – sprog og samfund, s. 273–284. København: U Press. ISBN 9788793060739.

Hagland, Jan Ragnar; Nesse, Agnete; Otnes, Hildegunn. Skriftkunne og språkmedium. 2018 I: Praksis. Norsk språkhistorie II, s. 29 – 118 . Novus forlag. ISBN 978-82-7099-848-7.

Nesse, Agnete. 2018. Tidslinjer. Norsk språkhistorie IV (red.) Oslo: Novus forlag. ISBN: 978-82-7099-850-0

Nesse, Agnete; Torp, Arne. 2018. Dansketiden (1536 – 1814). I: Norsk språkhistorie IV, s.           357–424. Oslo: Novus forlag. ISBN: 978-82-7099-850-0

Formidling

Ragnhild Lie Anderson:

«Er "sognamaolet" i ferd med å bli eit "sognemål"? Eksempel på utvikling av sogndalsdialekten dei siste 100 åra». Foredrag for Senioruniversitetet i Sogndal 19.september og deretter for vg3 på Sogndal vidaregåande skule 20. september 2018.

«Ragnhild Lie Anderson forskar på sogndalsdialekta» Radiointervju av Tone Merete Lillevangstu i dikstriktsprogrammet til NRK Sogn og Fjordane 19. september 2018.

«Bevisste og underbevisste språkhaldningar i Meland». Skulebesøk ved Meland ungdomsskule og Rossland ungdomsskule 1. juni og 15. november 2018.

“Kan lærarar snakka norsk med utanlandsk aksent?” Innlegg i Språkprat-bloggen juli 2018.

Gjert Kristoffersen:

Februar: Innlegg i Språkprat-bloggen: Hørselen er et upålitelig instrument

April: Intervju på NRK Hordaland: Har flykabinpersonale ein eigen måte å snakke på?

Oktober: Foredrag på Sandøya i Aust-Agder om den lokale dialekten i regi av Sandøya historielag

Agnete Nesse:

«Hvor mye kan norsk forandres før det ikke finnes?». Innlegg på dagsseminaret knytt til elevprosjektet Norsk holder ʼbasicallyʻ på å dø ut arrangert av Holbergprisen i skolen og UiB 27. september 2018.

Helge Sandøy:

Fjellnamn i Romsdal. Romsdal mållag. Molde, 15.2.2018

Språk og identitet i Hustadvika kommune. Kulturstyret i Fræna kommune. Elnesvågen, 23.5.2018

Stadnamn i Bud. Bud sogelag. Bud, 23.10.2018

Dialektkveld i Ålesund. Ålesund bibliotek. Ålesund, 24.10.2018

Prosjektet Moderne importord i språka i Norden. Innlegg for Dansk Sprognævn I København, 7.11.2018.

Strategiar i normeringa av importord – kort historikk. Språkrådet. Bergen, 17.12.2018.

Planar for 2019

Forskargruppa og ansvarlege for Talebanken og Føroyskur talumálsbanki samlast til seminar i Bergen 23. – 25. januar. Der vil fagmiljøet i Bergen saman med fagmiljøet på Færøyane utveksla røynsler og gje kvarandre inspirasjon om bruk av talekorpusa. Helge Sandøy har teke initiativet til dette seminaret.

Forskargruppa vil søkja instituttet om midlar til å kunna halda fram arbeidet med transkripsjon og tilrettelegging av talemålmateriale til Talebanken for komande masterstudentar.