Hjem
Forskergruppa Sosiolingvistikk og språkendring

LIA

Language Infrastructure made Accessible

LIA (Language Infrastructure made Accessible) er eit femårig nasjonalt samarbeidsprosjekt mellom fire universitet (UiO, UiB, UiT og NTNU), Norsk Ordbok 2014 og Nasjonalbiblioteket. Hovudmålet for prosjektet er å redde gamle talemålsopptak med norsk og samisk språk, transkribere og annotere dei og leggje dei inn i databasar slik at dei kan revitaliserast som verdifullt forskingsmateriale. Prosjektleiinga ligg ved Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo.

Lokal prosjektleiar i Bergen er Gjert Kristoffersen. Bente Selback er tilsett som forskar og daglig leiar. Transkripsjonsarbeidet blir utført av studentar tilsette som vitskaplege assistentar på timebasis.