Hjem
Forskergruppe for strafferett og straffeprosess
News

Konferanse om universale brotsverk

Internasjonal konferanse tar føre seg spørsmål kring krigsbrotsverk, strafferettsleg ansvar for statleg leiarskap og dommarar si rolle.

Foto av professor Terje Einarsen på Det juridiske fakultet
Kva skal til for å straffe dei øvste leiarane for brotsverk som fysisk er gjort av andre personar? spør professor Terje Einarsen.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

– Korleis fungerer det strafferettslege ansvaret for leiarsjiktet i maktstrukturane til samfunnet når det er det er gjort særs alvorlege og omfattande brotsverk mot sivile, som krigsbrotsverk, folkemord og brotsverk mot menneskeheita? spør professor Terje Einarsen ved Det juridiske fakultet.

Einarsen arrangerer 23.-24. april ein konferanse i internasjonal strafferett som skal diskutere dette spørsmålet. Konferansen, som er eit samarbeid mellom Det juridiske fakultet og CMI, er mynta på internasjonalt orienterte juristar, statsvitarar og andre med interesse for menneskerettar og arbeid for å forhindre straffefridom for dei mest alvorlege brotsverka.

– Slike brotsverk skjer kvar einaste dag, globalt sett. Vi ønskjer å kaste lys over dette fenomenet og saman drøfte nokre viktige føresetnadar for å føre slike brotsverk for retten, både for internasjonale straffetribunal og i nasjonal rett.


Utfordringar av rettsleg og politisk karakter, som slike straffesakar løftar fram, kjem til å ha ei særskilt fokus under konferansen, ifølgje Einarsen. Eit anna spørsmål ein kjem til å diskutere er korleis det skal vere mogleg å straffe dei øvste leiarane av statlege institusjonar og væpna ikkje-statlege organisasjonar for brotsverk som fysisk er gjort av andre personar.


– Det handlar delvis om politiske og økonomiske rammer, men òg om den tilsynelatande finjuridiske utforminga av det rettslege deltakaransvaret, noko som har mykje å seie reint praktisk. Det handlar til ei viss grad òg om direkte konflikt mellom rettsprinsipp og reell makt i samfunnet.


– ­Det kjem ei rekke internasjonale forskarar og dommarar til konferansen, i tillegg til andre med erfaring og kunnskap om internasjonal strafferett, fortel Einarsen og trekk mellom anna fram den britiske juristen Howard Morrison, som har vore dommar i FN sitt Jugoslavia-tribunal (ICTY) og er no dommar i den internasjonale straffedomstolen (ICC).­

­

Føregangsregionen Latin-Amerika

Ein region som har fått ein sentral plass under konferansen er Latin-Amerika, noko det er fleire grunnar til.

– Dei siste ti åra har Latin-Amerika vore ein føregangsregion i verda når det kjem til straffeforfølging av eigne borgarar som er skulda for grove menneskerettsbrot og universale brotsverk som har funne stad under borgarkrigar eller militærdiktatur.


– Dette gjeld òg statsoverhovud. Nokre kjende døme er rettssakane mot Pinochet i Chile og Fujimori, tidlegare president i Peru. Desse sakane har hatt stor innverknad på utviklinga i den internasjonale strafferetten og dette er noko vi ønskjer å lære meir om på konferansen.


Einarsen viser mellom anna til at Naomi Roht-Arriaza kjem til konferanse. Roht-Arriaza er ein internasjonalt kjend jurist som har arbeidd mykje med strafferettsprossesane mot statsoverhovud i ulike latinamerikanske land.


I samband med eit nyleg etablert bistandsprosjekt som støttar mellom anna arbeidet med å gjennomføre rettssakar om særs alvorlege brotsverk, kjem ein delegasjon med dommarar og andre juristar frå Guatemala til konferansen. Den norske dommerforenings menneskerettsutvalg står bak prosjektet og har difor inngått eit samarbeid med CMI og Universitetet i Bergen som følgje av konferansen.


– I diskusjonen her kjem rettsaken mot general Rios Montt til å stå sentralt. Montt var statsleiar under borgarkrigen i Guatemala der om lag 200 000 sivile vart myrda, forklarar Einarsen.


Yasmin Barrios, som administrerte rettsaken mot Montt i 2013, kjem òg til konferansen for å fortelje om si erfaring. Barrios gav då den første nasjonale straffedommen i verdshistoria for folkemord, som er retta mot eit tidlegare eller sittande statsoverhovud i eige land.