Hjem
Utviklingsgeografi
ph.d.-kurs og workshop

Makt i politisk økologi

Kvar er makta? Kvifor kjem ikkje fattige bønder seg ut av fattigdomen? Er den globale dominansen til oljeselskapa evigvarande og uunngåeleg? Korleis formar lokalpolitikken tiltak for klimatilpassing? Kan ein snu interessekonflikter til konstruktiv dialog i planleggingsprosessar?

Neste
Kursdeltakar på ph-d.-kurset Geo902 Power in Political Ecology.
Kursdeltakarr på ph-d.-kurset GEO902 Power in Political Ecology.
1/4
Kursansvarleg Ragnhild Overå introduserer Mitchell Dean.
Kursansvarleg Ragnhild Overå introduserer Mitchell Dean.
2/4
Jesse Ribot (University of Illinois),  Andrea Nightingale (Swedish University for Agricultural Sciences), Tim Richardson (Norwegian University of Life Sciences) og kursansvarleg Ragnhild Overå (universitetet i Bergen).
Jesse Ribot (University of Illinois), Andrea Nightingale (Swedish University for Agricultural Sciences), Tim Richardson (Norwegian University of Life Sciences) og kursansvarleg Ragnhild Overå (universitetet i Bergen).
3/4
Anne-Kathrin Tomassen, Festus Boamah og Ragnhild Overå.
Ragnhild Overå fekk hjelp av Anne-Kathrin Tomassen til å arrangere ph.d.-kurset og av Festus Boamah til workshopen.
4/4
Tilbake

Dette var spørsmål hovudinnleiarane Jesse Ribot (University of Illinois), Håvard Haarstad (Universitetet i Bergen), Andrea Nightingale (Sveriges Lantbruksuniversitet) og Tim Richardson (Norges miljø- og biovitenskapelige universitet) tok opp då det Nasjonale forskingsnettverket for politisk økologi og naturressursforvalting arrangerte ph.d.-kurset og workshop’en ‘Power in political ecology’ 24.-27. november i samarbeid med Den norske forskarskulen i geografi og Institutt for geografi, UiB.

 

Dei to første dagane var 18 ph.d.-studentar frå norske og europeiske universitet samla for å fordjupe seg i korleis dei kan bruke teoriar om makt og naturressursforvalting i forskingsprosjekta sine. Mitchell Dean (Københavns Handelshøjskole) innleia med sine analyser av Michel Foucault sine maktteoriar frå boka si ‘Signatures of power’ og korleis vi kan forstå styringsmentalitet (‘governmentality’) i naturressursforvalting.

 

Sjølv om makt er eit kjerneomgrep innanfor forskingsfeltet politisk økologi med fokus på ulik tilgang, kontroll og forståing av naturressursar, har omgrepet ikkje alltid vore klart definert. Hanne Svarstad (Høgskolen i Oslo og Akershus) reflekterte over dette paradokset og argumenterte for korleis ein kan bringe aktør- og strukturorienterte maktperspektiv tettare saman.

 

ph.d.-studentane tok deretter del i den to-dagars workshop’en som til saman samla om lag 60 deltakarar, der forskingsresultat frå eit breitt utval av prosjekt frå alle delar av verda vart presenterte. Sjå programmet her: http://www.uib.no/geografi/92933/power-political-ecology#