Hjem
Forum for vitenskap og demokrati
Arrangement

Kunnskapsavmakt? Eit akademisk opprop til politikk og samfunn

Kommuniserer vi godt nok kunnskapen vår som viser at vi menneske utgjer ein stor og aukande trussel mot det biologiske mangfaldet? 

Roper i skogen
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Vigdis Vandvik, leiar av Senter for bærekraftig arealbruk (CeSAM) og professor ved Institutt for biovitskap (BIO), har tatt initiativet til eit forskaropprop om Noregs oppfølging av «naturavtalen» der det kritiserer den manglande viljen til å stoppe tapet og forringinga av naturen. 

Meir enn 1000 har alt slutta opp om oppropet. «Naturavtalen» skal handsamast i Stortinget 30. januar.
 
Men kvifor eit opprop? Er dette ein formålstenleg måte å utrykke kunnskapsmakt på? Kommuniserer vi godt nok kunnskapen vår som viser at vi menneske utgjer ein stor og aukande trussel mot det biologiske mangfaldet? 
 
Professor Vigdis Vandvik vil med bakgrunn i erfaringane med oppropet drøfte korleis vitskapsbasert kunnskap og universiteta kan og bør gjere seg gjeldande overfor politikken i det demokratiske Noreg. 

Kommentarinnlegg ved Professor Ingunn Elise Myklebust

Møteleiar: Tor Halvorsen

Enkel frukost står klar frå kl. 08.00