Hjem
Forskergruppen vitensbilder

Imag(in)ing the Nano-scale

Interactions between Science, Public Media, and Art. 2009-2011

Dei siste ti åra har vi sett ei eksplosiv utvikling av det potensielt revolusjonerande fagfeltet nanovitskap og -teknologi (NVT). Parallelt med denne utviklinga har vi sett mykje forsking på sosiale, etiske og juridiske aspekt ved NVT, medan vi har lite forskingsbasert kunnskap om kulturelle aspekt ved feltet. Prosjektet er eit bidrag til å fylle dette gapet.  Det fokuserer på visualiseringspraksisar i NVT, og stiller følgjande tre spørsmål: 1. Korleis blir fenomen på nanoskala visualiserte i kunst, media, og i vitskapane? 2. Kva blir synleggjort, og kva blir usynleggjort i spesifikke nanovisualiseringar? 3. Korleis vert ulike visualiseringar av og forestillingar om fenomen i nanoskala vurdert i kunstfeltet, i media, og i vitskap, både kvar for seg, og i interaksjonen mellom dei.

Prosjektet har resultert i 8 publikasjonar i eit temanummer av Nanoethics: "Imag(in)ing the Nano-scale" (August 2011), redigert av Kamilla Kjølberg, Rasmus Slaattelid, og Fern Wickson.