Hjem
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

Filosofiens rolle i allmenndanninga - ein studie av lærebøker til examen philosophicum

Kva er filosofiens spesifikke bidrag til allmenndanninga? Svaret på dette spørsmålet heng saman med kva oppfatning ein har både av filosofi og av danning.

Prosjektet vil kasta lys over filososfiens spesifikke bidrag til allmenndanninga gjennom ei kartlegging og kritisk analyse av kva oppfatningar av filosofiens rolle i allmenndanninga kjem til uttrykk i ulike ex.phil.-lærebøker sin måte å presentera kva filosofi er, og i måten dei grunngjev kvifor og korleis ein bør studera filosofi som del av allmenndanninga.
Kva er filosofiens spesifikke bidrag til allmenndanninga? Svaret på dette spørsmålet heng saman med kva oppfatning ein har både av filosofi og av danning. I innstillinga "Kunnskap og dannelse foran et nytt århundre" peikar Dannelsesutvalget på at eit godt fungerande ex.phil. er eit viktig element i allmenndanninga for universitetsstudentar. Utvalet understrekar vidare trongen for nasjonal debatt om innhaldet i ex.phil. – Prosjektet ”Filosofiens rolle i allmenndanninga” vil vera eit bidrag til denne debatten gjennom ei systematisk, samanliknande undersøking av lærebøker til ex.phil. ved ulike institusjonar ut i frå ei overordna problemstilling: Kva oppfatningar av filosofiens rolle i allmenndanninga kjem til uttrykk i ulike lærebøker sin måte å presentera kva filosofi er, og i måten dei grunngjev kvifor og korleis ein bør studera filosofi som del av allmenndanninga?”Oppfatninga av kva filosofi er (med omsyn til framgangsmåtar, emneområde og funksjon), heng frå gamalt av i hop med synet på allmenndanninga, slik at filosofien har ulik plass og rolle i ulike danningsprogram. Grovt sett kan vi skilja mellom tre hovudretningar i dei klassiske oppfatningane av danning eller paideia: Ei som legg vekt på danning til deltaking i det offentlege livet, ei som legg vekt på utvikling av etisk-politisk innsikt, og ei som legg vekt på forming av personlegdomen. Dei spesifikke bidraga frå filosofien vert tilsvarande ulike: Det er høvesvis tale om filosofi som oppøving av analytisk dugleik, om filosofi som sjølvstendig kjelde til innsikt, og om filosofi som personleg livs- og verdsåskoding. (I tillegg til desse tre formene for filosofisk danning, kan ein hevda at ein viss allmenn kjennskap til filosofi høyrer med til den naudsynte allmennkunnskapen som òg er ein del av danninga.)
Det er tale om ulike aspekt av filosofien som ikkje utelukkar kvarandre, men som kan stå i spenningstilhøve til kvarandre, og i alle høve vil ha ulik vekt i ulike samanhengar. Prosjektet vil ikkje ta stilling til spørsmål om slik vektleggjing i utgangspunktet, men vil undersøkja korleis dei ulike aspekta og tilhøvet mellom dei faktisk kjem fram i ulike lærebøker.

Prosjektet er tildelt midlar frå Meltzerfondet, og vil bli gjennomført i løpet av det akademiske året 2012-13. Prosjektleiar: Hans Marius Hansteen. Medarbeidarar: Amund Børdahl, Gro Rørstadbotten og Helle Nyvold.