Hjem
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

Fritak eller innpassing av examen philosophicum?

Dersom du har fullført ein fakultetsvariant av ex.phil. ved Universitetet i Bergen, vil dette være godkjent også dersom du bytter over til eit studieprogram ved eit anna fakultet ved Universitetet i Bergen.

Dersom du har fullført ex.phil. ved ein annan norsk utdanningsinstitusjon vil du få dette innpassa som ex.phil. ved Universitetet i Bergen.

Dersom du har fullført ein bachelorgrad ved ein annan norsk eller utanlandsk utdanningsinstitusjon vil du etter søknad få formelt fritak frå ex.phil. ved Universitetet i Bergen.

Du finn lenker til informasjon om kva du skal gjere for å innpassa ex.phil. eller søke på formelt fritak frå ex.phil. på ditt fakultet sine nettsider (sjå under).

Dersom du vil søke om fagleg godkjenning av et emne som kan tilsvara ex.phil. (gjeld emne tekne i Noreg så vel som i utlandet) må søknaden sendast til Det humanistiske fakultet ved å følgje denne lenka til infoside ved Det humanistiske fakultet.

Informasjon om reglar i høve innpassing av ex.phil. sjå Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen § 3.4. Du finn også utfyllande reglar for ditt fakultet på reglement og prosedyrer sider for vedkommande fakultet.