Hjem
Ansattsider
DigUiB

Han skal leie læringslaben

Kjell Øvre Helland er tilsett som leiar for lærings- og formidlingslaben, ein av UiB sine satsingar i medieklynga Media City Bergen.

Kjell Øvre Helland
LEIAR DIGITAL SATSING: Kjell Øvre Helland er tilsett som leiar for lærings- og formidlingslaben, ein av UiB sine satsingar i medieklynga Media City Bergen.
Foto/ill.:
Jens Helleland Ådnanes, UiB

Hovedinnhold

– UiB er stort og mangfaldig, med mange ulike tilnærmingar til undervising. Det er viktig å styrke den digitale delen av undervisinga. Eg er glad og stolt over å få vere med på dette, seier Kjell Øvre Helland, som skal leia arbeidet med DigUiB lærings- og formidlingslab.

Øvre Helland har vore administrativ prosjektleiar for satsinga sidan våren 2016. DigUiB lærings- og formidlingslab utviklar tenester og utforskar ny teknologi knytta til undervising og formidling, og skal etablerast i Media City Bergen i løpet av 2017.

– Den viktigaste oppgåva no er å hjelpe fagmiljøa med formidlinga, slik at dei lettare kan nå fram til studentane sine. I tillegg vil me verte synlige, undervisarane ved UiB skal vite at det finst nokon dei kan rådføre seg med om undervising, seier han.

Har stort potensiale

Øvre Helland har lang fartstid frå TV 2, der han mellom anna har vore nyheitssjef, nyheitsdirektør og leiar for satsinga TV 2 skole.

UiB har ein stor kompetanse både innan media, pedagogikk og formidling. Denne kunnskapen vert gull verdt i Læringslaben.

– Får vi alle på UiB som driv med media og rådgjeving rundt undervising med på laget, har vi ein enorm kapasitet, seier Øvre Helland.

Skal vere nyttig

Han understrekar at ingen ved UiB får ordre om å digitalisere delar av utdanninga si.

– Vi tek utgangspunkt i samtalar med fagmiljøa, og gi råd og vink. Folk skal kjenne at dette er noko som er nyttig for dei.

Han er no i ferd med samtalar med fagmiljøa på UiB. Dei fleste har ulike måtar å formidle undervisinga si på, og det er ulike måtar å hjelpe dei på.

– Vi skal ikkje sitte og vente på at folk kjem til oss, vi er ute og snakkar med miljøa.

Nokre av samtalane har alt ført til resultat. Studentar på Institutt for samanliknande politikk har dei siste vekene fått videoar som lærer dei korleis dei skal gå fram for å kome gjennom pensum

– I mange år har UiB levert strålande forskarformidling, mellom anna gjennom videoproduksjon. På mange måtar er oppgåva å foredle vidare det gode arbeidet som vert gjort, få det gjort synleg i fagmiljøa, og å teste det som undervisning og læring, seier han.

Skapar tydelegare formidling

Han trur Læringslaben vil innebera tydelegare og betre formidling ved UiB, med nye måtar å formidle på. I tillegg kan forskinga styrkast og utviklast.

– Læringslaben kan verte eit bindeledd som skapar samspel med heile UiB, på tvers av fagmiljø. Digitalisering gir store muligheiter, men det digitale er ikkje målet, målet er god formidling.Vi skal finne individuelle stiar. Då må vi skape samarbeid på tvers, og det trur eg laben kan vere ein katalysator for, avsluttar han.