Nye dekanar
Etter valg og tilsettingsprosessar er det beslutta kven som skal ta over som nye dekanar ved Universitetet i Bergen.

Hovedinnhold
Det er no avklart kven som skal leie fakulteta dei neste fire åra.
Dette er dei nye dekanane:
Det psykologiske fakultetet: Bente Wold
Det humanistiske fakultet: Jørgen Sejersted
Det samfunnsvitenskapelige fakultet: Jan Erik Askildsen
Det juridiske fakultet: Karl Harald Søvig
Det matematisk-naturvitenskaelige fakultet: Helge Dahle
Det medisinske fakultet: Per Bakke
Fakultet for kunst, musikk og design: Frode Thorsen
Fordi rekrutteringsmodellen er ulik på ulike fakultet, blir fem av dekanane valde, mens det ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet og Det medisinske fakultet er tilsett dekan av Universitetsstyret gjennom ein tilsettingsprosess.
På Det humanistiske fakultet, Det samfunnsvitenskaplege fakultet, Det juridiske fakultet og Fakultet for kunst, musikk og design var det berre éin kandidat til kvar av stillingane. Sakene gjekk då rett til fakultetsstyret, uten at val blei arrangert. Kandidatane trong minst 50 prosent av stemmene for å bli vald, noko alle fekk.
På Det psykologiske fakultet vart det valkamp mellom Bente Wold og Jarle Eid, kor Wold enda opp med å vinna valet.
Fireårsperioden for dei nye dekanane går frå 2017-2021.