Spissar kommunikasjonen ved UiB
- Målet er å styrke og tydeleggjere Universitetet i Bergen gjennom å ha ei solid og einskapleg ramme for korleis vi kommuniserer, seier avtroppande kommunikasjonsdirektør Ingar Myking.

Hovedinnhold
Kommunikasjonsplattforma er eit av tre strategiske kommunikasjonsverktøy på UiB – saman med strategien «Hav, liv, samfunn 2016-2022» og Handlingsplanen for kommunikasjon. Plattforma er rammeverket og retningslinene for kommunikasjonsarbeidet ved UiB, mens handlingsplanen gir retning til kva for tiltak som skal prioriterast i strategiperioden.
Fortelje historia om UiB
– Plattforma viser retninga vi ønsker å gå i, kva verdigrunnlag vi har og skal fungere som eit forankringspunkt og rammeverk for kommunikasjonsarbeidet ved UiB, understreker Myking. Ved å gjere fundamentet vårt tydelegare håper han at det vil bli lettare å planlegge kommunikasjon, og å sikre konsekvens og heilskap i kommunikasjonsarbeidet.
Gode rammer for kommunikasjonen tydeleggjer samfunnsoppdraget vårt: - Universitetet sitt oppdrag er å bidra med kunnskap som formar samfunnet – det kan vi illustrere med relevante og engasjerande historier. I arbeidet med plastkvalsaka har vi til dømes lukkast med å spele ei sentral rolle i å fortelje historia, dele av kunnskapen vår om til dømes miljø og hav, og slik vere ein relevant kunnskapsaktør i plast-i-havet-debatten. Det skal vi halde fram med.
Eit rammeverk å arbeide etter
Alle tilsette ved UiB kan nytte plattforma i det daglege arbeidet. Første delen formulerer verdigrunnlaget vårt medan andre delen skisserer konkrete retningsliner.
– I tillegg er Statens kommunikasjonspolitikk ei viktig ramme for korleis vi skal kommunisere ved UiB. Prinsippa her om å vere open, tilgjengeleg og innsiktsfull står støtt i den nye plattforma. Det same gjer den akademiske fridomen til forskarane våre.
– I plattforma kan du også få samla oversikt over retningslinene våre når det gjelder grafisk profil, publisering og sosiale media, seier Myking.