Hjem
Ansattsider
Årsrapport 2017

Ein tredel forskar på satsingsområda

700 forskings- og undervisningsårsverk ved UiB arbeider med forsking innan universitetet sine tre satsingsområde. Det kjem fram i årsrapporten for 2017. I tillegg var nytt fakultet, klyngesatsing, «plastkval» og museumstjuveri mellom dei viktigaste stikkorda for universitetsåret 2017.

SarsCentre
Ein tredel av UiB sine faglege ressursar vert brukt til forsking på satsingsområda; marin forsking, klima og energiomstilling, og globale samfunnsutfordringar.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Torsdag 15. februar vart årsrapporten for 2017 lagt fram for styret ved Universitetet i Bergen. Her vert det slått fast at oppfølginga av UiB sin strategi for 2016–22 – «Hav, Liv, Samfunn» – gjennom mellom anna organiseringa av UiB sine tre satsingsområde: «marin forsking», «klima og energiomstilling» og «globale samfunnsutfordringar», samt utvikling av kunnskapsklynger, har hatt særleg prioritet i 2017.

I rapporten vert det slått fast at Universitetet i Bergen har utført oppdraget Kunnskapsdepartementet gav i tildelingsbrevet for 2017. Det er utført grunnleggande forsking, forskarutdanning og forskingsbasert undervisning med forventa omfang og kvalitet.

Store ressursar på satsingsområda

I overkant av 700 forskings- og undervisningsårsverk ved UiB arbeider med forsking som vert definert innanfor dei tre satsingsområda. Marin og klima/energiomstilling har begge om lag 200 årsverk, medan «globale samfunnsutfordringar» har nær 300 årsverk. Det blir med andre ord lagt store ressursar inn i dei strategiske satsingsområda ved universitetet.

Samstundes blir to tredeler av UiB sine faglege ressursar brukt på arbeid og utvikling av andre fagområde. Slik sikrar UiB både spissing og breidde gjennom sin strategi.

Nær milliarden i ekstern finansiering

I årsrapporten kjem det fram at universitetet hadde samla inntekter på 4,7 mrd. kroner i 2017. Her utgjer bidrags- og oppdragsinntekter (BOA) 936 mill. kroner. BOA-aktiviteten auka med om lag 77 millionar frå 2016. Auken i EU-inntekter på 32 prosent er gledeleg, og UiB ligg på topp blant dei norske universiteta når det gjeld tilslag (suksessrate) på prosjekt gjennom EU-programmet Horisont 2020. I 2017 er UiB tildelt fire nye ERC-stipend; fordelt på tre ERC Consolidator Grants og eitt Starting Grant. Forskarar ved UiB har med det blitt tildelt 22 ERC-stipend i perioden 2007-2017.

219 kandidatar avla doktorgrad, ein reduksjon på 8 frå 2016. Av desse var 109 kvinner og 110 menn. Om lag 37 prosent av dei nye doktorane er utanlandske. Den høge andelen utanlandske doktorar, bidreg til å synleggjere UiB som eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet.

Student-rekord

Aldri før har så mange ønska å studere ved UiB, og nær 10.500 søkarar hadde UiB som førsteval. Hausten 2017 var det registrert 16.028 studentar, ein auke på 671 frå 2015. Det er likevel ei utfordring at fråfallet framleis er høgt.

I sum har studentane ved UiB eit positivt inntrykk av studiekvaliteten. Dei gjev i stor grad uttrykk for at dei studerer ved det programmet dei ønsker, og vel 80 prosent av masterkandidatane vurderer utdanninga som relevant for arbeidslivet. Studentane er mindre nøgde med læringsmiljøet og eige utbytte. Minst nøgde er dei med moglegheitene for medverknad. Forbetring innan desse områda vil stå sentralt i oppfølginga av den nylig vedtekne handlingsplanen for styrking av læringsmiljøet.

Talet på lærlingar er firedobla sidan 2015 og Kommunal- og moderniseringsdepartementet kåra UiB til årets beste statlige lærebedrift i 2017.

«Si fra»

I løpet av 2017 har UiB jobba med å innføre «Si fra»-systemet, som vart teke i bruk 3. januar 2018. Dette er eit todelt prosjekt. Ein hovuddel er eit digitalt verktøy som studentar kan bruke for å melde frå om:

  • Forhold som er sterkt kritikkverdige (røde saker)
  • Forhold som må bli betre (gule saker)
  • Forhold som er positive og fortener ros (grøne saker)

Det andre hovudelementet er å etablere og gje opplæring til faste mottaksgrupper ved alle fakulteta. Desse skal ha hovedansvaret for å følge opp saker som kjem inn.

Klyngesatsing

Etter fleire år med planlegging var det offisiell opning av medieklynga Media City Bergen (MCB) i november. I MCB tilbyr UiB tre nye bachelorgrader og tre nye mastergrader i journalistikk, TV-produksjon og medie- og interaksjonsdesign, og driv ei rekke forskings- og innovasjonsprosjekt gjennom den nye lærings og formidlingslaben. Samlokaliseringa av mediebedrifter, teknologiselskap, forsking og utdanning gjer medieklynga unik i sitt slag.

Når det gjeld dei andre klyngesatsingane, opna óg Vestfløyen på Geofysen i 2017. Det skal bli sentrum i ei klimaklynge som samlar forskarar frå mellom anna UiB, Nansensenteret og Bjerknessenteret. For helseklynga er byggestart planlagd i 2018, den marine klynga er i ferd med å bli realisert på Marineholmen, og i tillegg skal fleire andre kunnskapsklynger bli realisert i åra som kjem.

Arbeidet med det nye forskingsselskapet NORCE var og eit viktig fokus for UiB i 2017. NORCE, som skal styrke innovasjon, verdiskaping og omstilling i privat og offentlig sektor på Vestlandet, vart etablert med verknad frå 1. januar 2018.

Nytt fakultet

Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) vart ein del av universitetet frå 1. januar. Ved å samle KHiB og Griegakademiet, fekk UiB eit nytt Fakultet for kunst, musikk og design (KMD). Det skal bli eit kraftsenter for kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking og utdanning, og vil i tillegg styrke Bergen sin posisjon som kulturby.

Det nye fakultetet flytta inn i eit nytt signalbygg, teikna av Snøhetta, hausten 2017. Bygget fekk stor internasjonal merksemd allereie før innflyttinga.

Museumstjuveriet

Tjuveriet 12. august av 400 gjenstandar frå vikingtida, var ei belastande hending for UiB. Ved utgangen av 2017 var omlag 80 prosent av dei stolne gjenstandane komme til rette, men ein del var skada, som følge av behandlinga dei har vore utsett for.

Tjuveriet fekk stor innflytelse på Universitetsmuseet (UM) sine aktivitetar hausten 2017. Organisatorisk vart det arbeidd fram ein tiltaksplan for å utbetre forhold knytt til beredskap, og den nye beredskapsplanen for UM vart vedteken i desember. Vidare førte hendinga til at institusjonen måtte avklare interne roller og ansvar, og tok i bruk fleire beredskapsverktøy. Endeleg vart det gjort ein gjennomgang av alle magasin, med blikk på både strakstiltak og tiltak på lenger sikt.

Digitalisering

Oppfølginga av UiB sin digitaliseringsstrategi har óg vore eit viktig fokus i 2017. Universitetet gjennomførte 4. oktober «Digital myldredag», med presentasjonar av universitetet sine digitale forskings- og undervisningsprosjekt frå fagmiljø og sentraladministrative avdelingar. Hensikta var å informere og bevisstgjere dei tilsette om omfanget av digitalisering ved UiB. Meir enn 1000 tilsette og inviterte gjester besøkte arrangementet.

I løpet av 2017 vart all eksamen digitalisert og det vart etablert eit nytt læringssenter knytt til MCB. Senteret skal utvikle dei digitale læringsmidlane for framtida. Innan BOTT-samarbeidet (mellom universiteta i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø) er det også utvikla konsept for effektivisering og digitalisering av sentrale HR- og økonomitenestar.

Plastkvalen

Tidleg i 2017 stranda ein sjeldan gåsenebbkval på Sotra, med magen full av plast. Funnet vekte stor oppsikt, og førte til eit enormt engasjement over hele verda. Utstillinga om kvalen gav besøksrekord ved Universitetsmuseet og «plastkval» vart eit av dei mest brukte nyorda i 2017.

Ei undersøking gjort av Medborgarpanelet ved UiB, syner at om lag 25 prosent av dei spurde har samla plast, enten åleine eller i organiserte aksjoner i løpet av 2017.

Nokre forskingshøgdepunkt

Eit høgdepunkt i året som gjekk, var opninga av UiB sitt nyaste Senter for fremragende forskning (SFF); Centre for Early Sapiens Behaviour. Under leiing av professor Christopher Henshilwood skal senteret finne svar på korleis dei tidlegaste moderne menneska levde og utvikla seg i Sør-Afrika for 100.000 til 50.000 år sidan.

Mellom mange andre høgdepunkt finn vi Yvette Peters sitt BFS-støtta prosjekt «The Politics of Inequality», Andreas Hejnol og SARS-senteret sine funn som avkrefta ein hundre år gammal hypotese innan evolusjonsbiologi, funna til forskargruppa ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin som truleg vil vere starten på ei ny form for behandling av Parkinsons sjukdom, og forskingsidéen til Dr. Naureen Akhtar frå Institutt for fysikk og teknologi, som kan endre flyindustrien ved å gjere avising av fly unødvendig.

UiB-året 2018

I årsrapporten vert det og fokusert på nokre av dei viktigaste satsingane i 2018. Blant desse finn vi:

  • Vidareføre og revidere strategien 2016-2022: Hav, Liv, Samfunn, med fokus på satsingsområda marin forsking, globale samfunnsutfordringar, og klima og energiomstilling
  • Utvikle fagmiljø av internasjonal klasse på alle fakultet
  • Horisont 2020
  • Utvikling av kunnskapsklynger
  • Følge opp digitaliseringsstrategien
  • Følge opp nasjonale føringar; som langtidsplanen for forsking, Humanoriameldingen og Stortingsmeldingen om studiekvalitet
  • Følge opp utviklingsavtale 2018-2020 mellom Kunnskapsdepartementet og UiB
  • Satsing internasjonalt og på Nordområda
  • Arbeidet med FN sine 17 bærekraftsmål 

I styremøtet 15. februar vart årsrapporten vedteken, under føresetnad av at innspel frå styret hovudsakleg knytt til den innleiande delen av årsrapporten; styrets beretning, vert inkludert i teksten. Årsrapporten for 2017 vil i tråd med retningslinjene frå Kunnskapsdepartementet bli lagt ut i sin heilskap på UiB sine nettsider innan 1. mai 2018.