Hjem
Ansattsider
Ny bok

Byuniversitetet i Bergen – Freda og i full vigør

Den ferske boka fortel om utviklinga av byuniversitetet på Nygårdshøyden og presenterer kvar av dei freda bygningane, frå Florida i sør til Dragefjellet i nord. No er boka til sals til redusert pris på profiltorget og på Kortsenteret i Studentsenteret.

Byuniversitetet i Bergen
Den nye boka om Byuniversitetet i Bergen er boka til sals på profiltorget og på Kortsenteret i Studentsenteret.
Foto/ill.:
UiB

Tilsette og studentar ved Universitetet i Bergen ferdast til dagleg i desse bygningane, husa er ramma rundt dagleglivet på Nygårdshøyden. Med sine ulike kvalitetar er dei med på å skapa både identitet og eit særprega universitetsmiljø.

Universitetet i Bergen er landets einaste byuniversitet. Eit annleis og historisk unikt universitetsområde som er vove tett saman med bymiljøet på Nygårdshøyden. Midt i det historiske bustadstrøket ligg bygningar med universitetshistorie, reist for ulike føremål i ulike stilar frå sist på 1700-talet til i dag. Byuniversitetet representerer slik store kulturhistoriske verdiar. Ein tredel av eigedomsmassen til UiB, i alt 38 bygg, er freda. Nye bilete av eksteriør og interiør viser blant anna praktbygga til Universitetsmuseet, store anlegg som Geofysen med det unike Kjernefysisk laboratorium, det Japan-inspirerte Realfagbygget og moderne kontorkompleks bak historiske fasadar i samanbygde og frittståande villaer som opphavleg var bygde for byens velståande borgarskap. Originale arkitektteikningar og historiske bilete supplerer bileta av i dag.

Vi er opptekne av at husa vi arbeider og studerer i skal vera funksjonelle. Dei estetiske kvalitetane er vi ikkje alltid like merksame på i kvardagen. Med denne boka ønskjer Eigedomsavdelinga å opna auger for kvalitetane til dei ulike bygningane. I tillegg set boka dei inn i den samanhengen dei høyrer heime i : I historia om korleis Universitetet blei liggjande på Nygårdshøyden. Det var dei som meinte at det i staden burde plasserast på Storetveit.

Bla i boka her:

Norsk 

Engelsk

Her er boka til sals for UiB-tilsette til redusert pris