Hjem
Ansattsider
Nyhet

Endring i gangmønsteret mellom Sentralblokka på Haukeland og BUS 2

Det pågår no eit arbeid med å gjøre endringar i gang- og kjøremønsteret for anleggskøyretøy i området mellom Sentralblokka på Haukeland og byggetomta til BUS 2 (Barne-og ungdomsjukehuset). Entrepenøren skal lage ein ny, førebels transportvei for lastebilar og ein ny vei for gåande.

Tiltaket gjer at lastebiltrafikken blir meir separert frå gåande og det blir tryggare for desse å bevege seg i området. Men det fører og til at trappene opp til BB-bygget, andre bygg og Ulriksbanen blir stengt etterkvart.

Sikrar gåande

For å sikre dei gåande pågår det no bygging av ein ny gangvei heilt inntil Sentralblokka slik at gåande kan gå denne veien for å komme seg inn i blokka. Vegen vil og bli skilta.

Bruk Sentralblokka for å kome deg vidare

For alle som skal inn i Sentralblokka, Lab-bygget og universitetet sine bygg, er det på det sterkaste anbefalt  å gå til desse bygga gjennom Sentralblokka. Det vil og bli skilta og merka ein gangveg rundt Verkstedsbygget og videre oppover, men det er ikkje anbefalt at gåande nyttar denne.

Sjå skisser under:

foto som viser hvor fortgjengere skal gå til sentralblokka på Haukeland

Det blir laga nytt gangsfelt og skilta mot ny gangveg langs Sentralblokka.

Foto/ill.:
Haukeland Universitetsykehus

foto som viser hvor fortgjengere skal gå til sentralblokka på Haukeland

Pila markerer ny gangveg som kjem langs Sentralblokka

Foto/ill.:
Haukeland Universitetsykehus

foto som viser hvor fortgjengere skal gå til sentralblokka på Haukeland

Dei som skal til bygg ovanfor Sentralblokka er sterkt anbefalt i gå via Sentralblokka og gangbruer videre til desse bygga.

Foto/ill.:
Haukeland Universitetsykehus