Hjem
Ansattsider
Prosjekt tjenesteutvikling

Lanserer felles løysing for administrative tenester

11. november vart UiBhjelp lansert. Den nye tenesteportalen gjev éin veg inn til alle administrative tenester ved UiB.

Ronny Jordalen
Prosjektleiar Ronny Jordalen delte ut kakestykker til tilsette under lanseringa av UiBhjelp 11. november.
Foto/ill.:
Ole Marius Kvamme, UiB

- UiBhjelp er ei sjølvbeteningsløysing for tilsette og studentar ved Universitetet i Bergen, og vil gje nye moglegheiter for samarbeid, utveksling og effektivisering i organisasjonen, seier prosjektleiar Ronny Jordalen, og legg til:

- Vi vonar dette vil bli opplevd som ei brukarvenleg løysing. UiBhjelp skal vere ein naturleg plass å melde inn og få svar på førespurnader, søke informasjon og finne svar på spørsmål, utan å måtte gå eit ekstra ledd via brukarstøtte.  

Samlar administrative tenester

Frå 11. november vert Issue-tracker erstatta med UiBhjelp, som du finn på nettsida hjelp.uib.no. Målet med den nye tenesteportalen er:

  • Å gje éin samla veg inn til administrative tenester
  • Informasjon og førespurnader på ein stad
  • Tilsette og studentar skal få raskare hjelp til å løyse sine behov
  • Automatisering og økt sjølvbetening
  • Økt grad av flyt og samhandling om saker mellom avdelingar

- Heile verksemda må bidra

UiBhjelp vil ikkje vere komplett ved lansering. Som brukar vil du finne ein del informasjon og tenester, og så vil portalen verte fylt med meir innhald og funksjonalitet etterkvart som løysinga vert teke i bruk.

- Løysinga blir ikkje betre enn vi sjølve gjer den til. Vi lanserer no rammeverket, men for den verkelege innhaldsproduksjonen går startskotet i dag, og her treng heile verksemda å bidra, seier Jordalen.

For deg som brukar av UiBhjelp, kan du bidra med tilbakemeldingar og innspel til korleis den nye portalen kan bli betre. Det kan du gjere ved å melde inn ein førespurnad i UiBhjelp. Du kan også finne informasjon om vårt opne team for Felles servicesenter (Microsoft Teams) på prosjektet sine nettsider.