Hjem
Ansattsider
Kandidat til universitetsstyret - Gruppe A

Steinar Vagstad

Hovedinnhold

Eg er 57 år og utdanna ved UiB (matematikk/statistikk, informatikk, fysikk og til slutt samfunnsøkonomi, der eg tok hovudfag i 1987 og doktorgrad i 1994). Eg har vore fast tilsett sidan 1997, som professor sidan 2001. Eg har vore tillitsvalgt i Forskerforbundet sidan 2012 og kjenner folk og kva dei slit med «overalt» på universitetet. Dei som tek kontakt med fagforeninga fordi det er problem på arbeidsplassen er sjølvsagt ei selektert gruppe, men det gir meg likevel innsikt som bør vere verdifull for universitetsstyret.

Eit sterkt breiddeuniversitet må verne om og styrke kjerneaktivitetane undervisning og fri forskning. Breidde er viktig, ikkje minst trengs det eit mangfald av perspektiv – eit universitet fungerer gjerne best når folk tenkjer ulikt.

Viktige saker for meg er budsjettpolitikk og styringspolitikk, fordi begge desse legg sterke føringar for kva slags universitet vi kan vere. Universitetet eignar seg etter mi meining dårleg til tung toppstyring, og eg vil jobbe for eit universitet som er «styrt nedanfrå». Institusjonell autonomi er først viktig viss autonomien også når ned i organisasjonen. Eg er derfor også sterk tilhengjar av universitetsdemokratiet, valde faglege leiarar, og demokratiske styringsorgan også nedover i systemet.

Som tillitsvalgt jobbar eg vanlegvis for at UiB-ansatte skal få del i den alminnelege lønnsutviklinga i samfunnet. I mange år har UiB-tilsette sakka akterut. Lønnspolitikk er ikkje ei sak for styret i seg sjølv, men styret legg dei økonomiske rammene for lønnsutvikling på UiB, og det er derfor på høg tid at dette spørsmålet blir løfta inn i styret.