Hjem
Ansattsider
Arrangement

MED + SV = SANT!

Det medisinske fakultet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet arrangerer eit seminar for å legge til rette til meir og betre forskingssamarbeid mellom medisinske og samfunnsvitskaplege disiplinar.

Hovedinnhold

 

Deltakarane vil lære om fleirfaglegheit frå eit filosofisk perspektiv, og korleis fleir- og tverrfagligheit kan utnyttast som konkurransefortrinn i større forskingssøknader, for til eksempel EU. Vi vil bli utfordra gjennom praktiske øvingar, og til å vere med på akademisk «speed-date».

Program: 

09.30 – 09.35     Velkommen, ved dekan ved Det medisinske fakultet, Per Bakke

09.35 - 10.05      Fleirfagligheit:
Edvin Schei, professor og tidlegare undervisningsleiar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), vil med filosofiske betraktningar og aktiviserande metodar involvere publikum i dette spørsmålet

10.05 - 11.05      Akademisk "speed date":
Julie Riise, førsteanamuensis ved Institutt for økonomi (IØ), vil engasjere forskarane til å bli betre kjent og leite etter felles interesser i forskinga

11.05 - 11.55     Tverrfagligheit som konkurransefortrinn:
Oddvar Kaarbøe, professor ved både IØ og IGS, vil innleie om strategiar for tverrfaglig samarbeid i større prosjektsøknader.  Gruppearbeid.

11.55 – 12.00     Oppsummering ved dekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Jan Erik Askildsen

12.00 - 13.00      Lønsj

Møteleiar: Anne Elise Widding Isaksen

Max 25 deltakarar totalt. Påmelding på: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=10877842