Hjem
Ansattsider
Kandidat til universitetsstyret - gruppe B

Pernille Reitan Jensen

Hovedinnhold

I tillegg til pågåande saker, ønsker eg eit særleg fokus på desse tre sakene:  

  • Ivaretaking av gruppe B etter koronapandemien. Vi veit ikkje kva konsekvensar pandemien vil ha for den framtidige generasjonen av forskarar. Det er viktig å følgje opp både forlengingar for gruppe B-tilsette som opplever å bli ytterlegare forseinka, men òg støtte gjennom andre tiltak som kan bøte på manglande moglegheiter for t.d. utanlandsreiser og nettverksbygging og karrierebygging. Her er det nyopna Karrieresenteret ein god samarbeidspartnar.
  • Ny universitetsstrategi. Universitetet er i gang med å lage ny strategi, og det er viktig at gruppe B-tilsette er med i alle ledd i utviklinga av denne. Her vil det t.d. vere viktig å bruke stipendiatorganisasjonar som allereie eksisterer ved fakulteta.
  • Kompensasjon for gruppe B-representantar i råd, styrer og utval. Det er viktig med gruppe B-representasjon i råd, styrer og utval i alle nivå i universitetsdemokratiet, og ikkje alle har like gode vilkår. Det er viktig at det finst system for å kompensere tilsette både med og utan pliktarbeid i stillinga si.