Hjem

Ansattsider

Strategi 2016-2022 Universitetet i Bergen

Hav, liv og samfunn er dei samlande stikkorda for Universitetet i Bergen sin nye strategi.

Ei arbeidsgruppe, som var samansett av prorektor, dekanane fra alle fakulteta og museumsdirektøren, har leia strategiarbeidet. Arbeidsgruppa ynskte ein kort og presis strategi, utforma gjennom ein brei og open prosess. Heile universitetssamfunnet, eksterne aktørar og partnarar var inviterte til å komme med innspel.

Les strategien her

Strategien vert konkretisert gjennom fire strategiske mål frå 2016 til 2022: 

  • UiB skal utvikle fleire leiande forskningsmiljø. Innan 2022 skal alle våre fakultet ha fagmiljø i verdsklasse og fleire fagmiljø av høg internasjonal standard.
  • UiB skal utdanne dei mest attraktive kandidatane i Noreg. Innan 2022 skal 85 prosent av kandidatane ha relevant jobb to år etter fullført utdanning.
  • UiB skal innan 2022 vere ein ettertrakta kompetanseinstitusjon som har styrka sine langvarige relasjonar med myndigheiter, næringsliv, kulturliv og samfunnsliv.
  • UiB skal bidra i det offentlige ordskiftet og til den kunnskapsbaserte samfunnsutviklinga gjennom god formidling og dialog med omverda. Innan 2022 skal vi vere leiande i Noreg på digital formidling.