Hjem
Ansattsider

Opprett litteraturlister

Slik lagar du digitale litteraturlister og melder dei inn til Litteraturkiosken og Akademika.

Alle litteraturlister skal leggast inn i litteratursystemet Leganto. Dette inkluderer også innmelding til Litteraturkiosken. Alle bokreferansar vil bli meldt inn til Akademika automatisk.

Fristen for levering av litteraturlistene i Leganto er 2. mai for haustsemesteret og 1. november for vårsemesteret.

Litteraturlistesystemet Leganto

I Leganto skal det leggast inn ei litteraturliste for kvart emne det vert undervist i. I tillegg til artiklar, bokkapittel og bøker vil det også vere mogeleg for emneansvarlege å legge inn lenkjer til YouTube-videoar, eigne notat, aktuelle avisartiklar eller nettstader.

Sjå Mitt UiB for innlogging og brukarrettleiing. 

Litteraturkiosken

Litteraturkiosken er UiB sitt system for kjøp av digital studielitteratur til studentar.

Emneansvarlege merkjer (“taggar”) artiklar eller bokkapittel det er ønskjeleg å gjere tilgjengeleg gjennom Litteraturkiosken når dei sender litteraturlister i Leganto. Universitetsbiblioteket klarerer rettar og oppdaterer Litteraturkiosken. Materiale som allereie er tilgjengeleg via Universitetsbiblioteket sine nettressursar skal ikkje merkast med Litteraturkiosken.

Kopinor-avtala

Kopinor-avtala gjev løyve til å bruke inntil 15 % av sidetalet av ei bok per emne per semester som digital studielitteratur. Det er mogeleg å søke om utvida kopiering i to høve:

  • dersom det berre er snakk om eitt kapittel frå ei bok, og dette går utover 15%
  • eller der det er snakk om ei bok som er utseld frå forlaget. 

Frå vitskapelege tidsskrift kan ein artikkel frå kvart tidsskriftshefte nyttast. For aviser, vekeblad, kulturelle og faglege tidsskrift, brosjyrar o.l. er det ingen omfangsavgrensingar.

Klarering av rettar og digitalisering

Universitetsbiblioteket (UB) har ansvar for å registrere og søke om klarering av rettane til materialet som skal digitaliserast. UB har også ansvar for å gjennomføre digitaliseringa og gjere materialet tilgjengeleg i Litteraturkiosken.

For at UB skal kunne registrere og søke om klarering av litteratur er det naudsynt at litteraturlistene inneheld eksakte sidetal (start- og sluttside) på bokutdraga. Fagmiljøa har ansvar for å kunne skaffe materialet som skal digitaliserast. UB vil nytte eigne samlingar der det er mogleg, og vil ta kontakt med fagmiljøa for å få tilsendt materiale til digitalisering der UB ikkje har materialet tilgjengeleg.

UB har dialog med fagmiljøa for å sikre at studielitteraturen vert tilgjengeleg i Litteraturkiosken.

Filopplasting i Leganto og Mitt UiB

Fulltekstmateriale (PDF) skal ikkje leggast ut på Mitt UiB eller i Leganto utan klarering. 

Les meir om bruksrett/opphavsrett på filer på Mitt UiB.

Innmelding til Akademika

Akademika får automatisk beskjed gjennom Leganto om bøker/bokkapittel som er sett opp på litteraturlistene som dei bør bestille inn. 

Tilgang for studentar

Innleverte litteraturlister, inkludert informasjon om kva materiale som vil finnast i Litteraturkiosken, vert tilgjengeleg for studentane via emnemenyen på Mitt UiB og på emnesidene på uib.no.