Hjem
Ansattsider

Slik skriv du ei god kalenderoppføring

Gode råd om tekst, bildebruk, lenker og oppsett av kalenderinnslag på universitet sine nettsider.

Hovedinnhold

Informasjon

  • Tid, stad, kontaktperson og type arrangement skal alltid være fylt ut.
  • Skriv tydeleg kven som er målgruppe. Er det internt,  kun for påmelde eller for alle interesserte? 

Tekst

  • I den norske kalenderen skal det kun ligge kalenderoppføringar på norsk. Tilsvarande skal den engelske kalenderen ha kalenderoppføringar på engelsk.
  • Tittelen bør være kort og forklare kva arrangementet er. Fem til sju ord er ei god lengde.
  • Ingressen bør ikkje vere lengre enn 25 ord, og bør vere utfyllande for informasjonen i tittelen.
  • Brødteksten bør seie litt meir om arrangementet, føredragshaldarar eller problemstillingane som blir tekne opp. Ikkje meir enn 3200 tegn, men kan gjerne vere kortare.
  • Ønskjer du fleire faner, for eksempel ved program over fleire dagar, bruk "Heading 2" som formatering på faneoverskriftene.

Bilde

  • Med eit godt bilde kan saka løftast opp på forsidene til områda på uib.no
  • Finn bilder av føredragshaldarar, eller bruk illustrasjonsfoto av tema.
  • Klarér alltid bruk av bilder. Skriv namn på fotograf/kvar bildet er henta frå.