Hjem
Ansattsider
Jobbskifte

Takkar av som fakultetsdirektør

Lise Gundersen har slutta etter 15 år som fakultetsdirektør på Det samfunnsvitskaplege fakultet. – Det har ikkje vore ein einaste keisam dag på jobb, seier ho.

Lise Gundersen i Fosswinckels gate
– Fosswinckels gate er ein av dei vakraste gatene i Bergen. På fine dagar ser ein heilt til Askøy, seier Lise Gundersen, som nyleg har gått av som fakultetsdirektør på Det samfunnsvitskaplege fakultet.
Foto/ill.:
Jens Helleland Ådnanes

– Det er den mest spanande stillinga eg har hatt, seier Lise Gundersen, som seint i april hadde sin siste dag som fakultetsdirektør ved Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV).

 I følgje ho sjølv var det tilfeldig at ho fekk jobben. Ho vart spurt om å tiltre stillinga etter at den dåverande direktøren skifta jobb. Før ho sa ja gjekk ho nokre rundar med seg sjølv om dette var eit ansvar ho ville ta på seg.

– Det er ein krevjande stilling å vera leiar for ein heil administrasjon. Eg snakka med dåverande universitetsdirektør Rommetveit, som overtydde meg. Det har eg aldri angra på.

 

Store endringar

Ho skildrar eit fakultet med stor variasjon, mellom både tilsette og arbeidsoppgåver.  

– Det har vore kjekt å setja sitt preg på arbeidsstaden. Målet mitt har vore at det administrative apparatet skal ha høg kvalitet. Det har vore ei takknemlig oppgåve å ha. Alle verdset at det administrative apparatet er ryddig. Samstundes skal det ikkje vera for mykje byråkrati og for store avstander. 

Både fakultetet og universitetet har vore gjennom store endringar i Gundersen si tid som fakultetsdirektør. Ho fortel at fakultetet har teke omstillingar og utfordringar på strak arm, og gjerne meldt seg frivillig til å vera pilot i nye prosjekt. Nokre døme er ePhorte som sakshandsamarverktøy og tilsett-portalen Paga.

– Ved å vera tidleg ute har vi lært mykje, og har kunne påverka korleis det endelege produktet vart, seier Gundersen.

 

Gode minner

Ho kjem til å ha mange gode minner frå arbeidsplassen, og nemner mellom anna den fine avsluttinga ho fekk då ho gjekk av. Eg ser med glede tilbake på mange spennende prosjekter og minnes også noen krevende saker. Det gode arbeidsmiljøet i administrasjonen og samspillet med instituttene og den faglige ledelsen er det også godt å tenke tilbake på.

– Noko av det finaste eg gjer er å sitja utafor Lauritz Meltzers hus på ein fin dag og eta lunsjen min. SV har ein fantastisk campus, og eg likar å sjå på kor mange forskjellige folk som jobbar og studerer her.

No har Gundersen tatt til i ny stilling på Personal- og Organisasjonsavdelingen (POA) som seniorrådgjevar. Ho meiner tida var inne for å skifta jobb. 

– 15 år i ei leiarstilling er nok. Eit skifte er difor sunt. Då er det flott at UiB er ein stor og god arbeidsplass og at det no er bruk for meg på POA.