Hjem

Ansattsider

Økonomisk stønad

Søk om økonomisk stønad til kompetansehevingstiltak.

Teknisk og administrativt tilsette

Teknisk og administrativt tilsette ved UiB kan søkje om økonomisk stønad til kompetanseutviklingstiltak utanfor universitetet. Søknad skal sendast til næraste leiar. Midlar til opplæring er satt av på fakulteta og i sentraladministrasjonen og føresetnad for støtte er at den enkelte eining dekker eit tilsvarande beløp. 

Tilsette på einingar under eit fakultet sender søknad til fakultetssekretariatet. Tilsvarande ordning gjeld for Universitetsbiblioteket og Universitetsmuseet i Bergen.

Tilsette i sentraladministrasjonen og ved andre einingar enn dei som er nemnt over, sender søknaden til HR-avdelingen.

Vitskaplege tilsette

Fakulteta organiserar på ulikt vis stønaden til dei vitskaplege tilsette. Ta kontakt med lokal instituttadministrasjon når det gjeld informasjon om økonomisk stønad.